Alle treng ein trygg heim

Bildene viser dei prioriterte måla i den nye nasjonale strategien for den sosiale bustadpolitikken.
Bildene viser dei prioriterte måla i den nye nasjonale strategien for den sosiale bustadpolitikken. Foto: regjeringen.no.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for den sosiale bustadpolitikken (2021-2024).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2020

Dei fleste i Noreg bur godt. Så mange som åtte av ti eig si eiga bustad. Samtidig er omlag 179 000 personar vanskelegstilte på bustadmarknaden. 78 000 av desse er barn og unge under 20 år.

I den nye strategien byggjer regjeringa vidare på erfaringane, tiltaka og samarbeidsstrukturane som er utvikla under førre strategi «Bolig for velferd» (2014-2020). Fleire skal kunne eige sin eigen bustad. Å leie skal vere eit trygt alternativ. Strategien varslar følgande prioriterte innsatsområde: Ingen skal vere utan bustad. Barn og unge skal ha gode bustadforhald. Personar med nedsett funksjonsevne skal på lik linje med andre kunne velje kor og korleis dei bur.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup seier at han er glad for at så mange speler på lag for at Noreg skal lykkast i den sosiale bustadpolitikken. Han fortel at mange har engasjert seg i arbeidet med strategien: private utbyggjarar, kommunar, statlege verksemder, akademia og frivillige organisasjonar.

–  Ikkje minst har menneska vi saman skal forsøke å hjelpe engasjert seg. Vi treng alle gode krefter med på laget for at alle skal få den hjelpen dei treng – ikkje minst til å bo trygt og godt, seier han.

Les meir på regjeringa sine sider:  
Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken 2021-2024 …