Testing kan bidra til at barn og unge slepp smittekarantene

Vaksinedekninga er aukande og no kan smittekarantene for barn og unge i mange tilfelle erstattast av testing.

Publisert 17.08.2021

Det er eit mål at barn og unge får ha ein så normal kvardag som mogleg. Det ordinære tilbodet i barnehage, skule og helseteneste er viktig for å ivareta barn og unge si psykiske helse, læring, sosiale relasjonar og trivsel.

Frå 16. august 2021 kan barn og unge som er nærkontaktar til ein som har påvist korona, teste seg i staden for å gå i karantene.

I utgangspunktet har personar som har hatt nærkontakt med ein bekrefta smitta person smittekarantene. Smittekarantene kan i nokre tilfelle erstattast ved å gjennomføre testing. Dette gjeld «øvrige nærkontaktar» som er

  • Barn og unge under 18 år
  • Personar over 18 år dersom kommunelegen fastset unntak frå smittekarantene ved testing. Ordninga er særleg meint for å legge til rette for opplærings- og utdanningsverksemder.

Ordninga gjeld

  • Berre smittekarantene, ikkje innreisekarantene
  • Berre øvrige nærkontaktar, ikkje husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære kontaktar til den smitta

Dersom testing i samsvar med retningsliner ikkje blir gjort, gjeld ordninga for vanleg smittekarantene. Det er lokale helsemyndigheiter som har ansvar for organisering av testinga.

Barnehagar og skular opnar til vanleg på grønt nivå i trafikklysmodellen - om ikkje smittestoda i kommunen gjer at dei må opne på anna nivå. Det er det helsemyndigheita i kommunen som avgjer.

Meir informasjon frå Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet finn du i høgremenyen.

Der ligg òg opptak av webinar om ordninga (for kommunane), aktuelle presentasjonar, spørsmål og svar.