Vil din skole vinne Dronning Sonjas skolepris 2021?

Dronning Sonja besøker selv skolene og deler ut prisen. Her fra Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane.
Dronning Sonja besøker selv skolene og deler ut prisen. Her fra Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff.

Fremmer din skole likeverd og er gode på å inkludere på ein framifrå måte? Vi treng kandidatar frå Møre og Romsdal til årets skolepris. De må søke innan 29. juni.

Publisert 29.04.2021, Sist endra 29.04.2021

Skolen treng ikkje vere perfekt for å søke!

Dronning Sonjas skolepris vert delt ut kvart andre år til ein skole som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og det å inkludere. Vinnarskolen får 250 000 kroner, eit kunstverk Dronningen har laga og ein diplom.

Søk sjølv, eller tips oss!

Skolen må sjølv søke. Så om andre enn skoleleiinga kjenner til ein skole som bør søke, må de ta kontakt med oss, så vil vi kontakte skolen og oppfordre dei til å søke.

Kandidatane kan vere frå heile grunnopplæringa i fylket. Det betyr at alle offentlege og private grunnskolar og vidaregåande skoler kan søke. Møre og Romsdal har aldri vunnet denne prisen før. Tenk om vi vinner i år?!

Søknaden skal beskrive:

  • arbeidet med elevane sitt skolemiljø
  • arbeidet med å inkludere og å høyre til
  • Korleis skolen arbeider med dei gode relasjonane i skolen
  • Kordan skolen arbeider med elevmedverking
  • samarbeidet mellom skole og heim
  • Kordan alle som arbeider på skolen samarbeider om likeverd, med å inkludere og om likeverd

Slik går du fram:

Skoleleiinga skriv søknaden i eit eige, digitalt skjema som skal leggast ved i post eller e-post til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ved Reidun Nedrebø. Frist for innsending er 29. juni 2021.

Statsforvaltaren innstiller ein til to kandidatar frå fylket til den sentrale juryen. Det vert berre éin vinnar i 2021, og Utdanningsdirektoratet offentleggjer vinnaren i oktober.