Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 12.03.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir


Publisert 29.06.2022

Nytt til skolestart 2022

Her finner du ei oversikt over endringar og nyheiter for SFO og skole.


Publisert 25.01.2022

Lærekandidatordninga

Lærekandidat er ei ordning for dei som ynskjer vidaregåande opplæring i bedrift, men som ikkje har føresetnader for å nå krava til fag- og sveineprøva.


Publisert 14.01.2022

Informasjon om korona

Det er ikkje lenger forskriftsfesta nasjonale gule og raude tiltaksnivå i barnehagar og skular.


Publisert 04.01.2022

Koronatiltak for barnehagar og skular

Karantenereglane for tilsette i barnehagar og skular er endra frå 1. januar.


Publisert 21.12.2021

Treng du tips til arbeidet med forebygging mot vald og livsmeistring i barnehage og skole?

…..da kan nettressursane «Eg veit» og «Snakke med barn» være noko for deg…


Publisert 17.12.2021

Nytt frå nyttår 2022

Her finn du ein oversikt over endringar og nyheiter for barnehage og skule. 


Publisert 14.12.2021

Kompetansepakke om trygt og godt skolemiljø

Utdanningsdirektoratet har utvikla kompetansepakkar som gir fagleg påfyll og støtte til å utvikle praksis i skolar og barnehagar.


Publisert 26.11.2021

Tilskott til kompetanseutvikling i psykisk helse i grunnskulen og vidaregåande opplæring- påminning

Kommunar og fylkeskommunar kan søke om midlar til ulike kompetansehevande tiltak i arbeid med psykisk helse. 


Publisert 04.11.2021

Møte om barnevernsreforma 24. november 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til digitalt møte om barnevernsreforma den 24. november kl. 12 – 15.


Publisert 22.10.2021

Ny versjon av ståstadsanalysen for skulen

Det har no kome ein ny versjon av ståsstadanalysen for skule der det mellom anna er lagt til ein ekstra fase med tips til skuleleiar.


Kva er berekraftig matproduksjon?

Nettsida bærekraftigmatproduksjon.no syner på ein pedagogisk måte den kompliserte samanhengen mellom matproduksjon, klima og bruk av areal.

Vi følgjer familien Hansen som stiller nokre spørsmål før dei kan bestemme seg for kva dei skal ha til middag. Mellom anna lurer dei på: "Skal vi velje vegetarburgar eller hamburgar?", "Har dyra hatt det bra?", "Er det så viktig at maten er produsert i Norge?" og "Kva kostar det eigentleg?".

Nettsida passar fint for å formidle korleis maten blir produsert. Bruk gjerne nettsida i skolen!

Sida er produsert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire miljø- og landbruksorganisasjonar.