Smittevernfagleg forsvarleg drift i barnehagar og skular - rettleiing

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Utdaningsdirektoratet har utarbeidd rettleiing som kan vere til hjelp i vurderingane om smittevernforsvarleg drift i barnehagar og skular.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2021

Rettleiing om covid-19-forskrifta § 12 b og § 12c

Drifta i barnehage og skule skal vere smittevernfagleg forsvarleg. Kommunen kan stenge eller redusere aktivitet om det er naudsynt for å stanse pågåande smittespreiing. Smittevernmyndigheita i kommunen skal òg vurdere kva for nivå i trafikklysmodellen som skal gjelde. I rettleiinga finn du oversikt over dei føringane som gjeld – og kven som har myndigheit til kva.

Rettleiaren og lenkje til forskrifta finn du i høgremenyen.