Møte om Kompetanseløftet 2020

Dato:
22. januar 2020 09:00 - 15:30
Stad:
Scandic Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunane sin kontaktperson for kompetanseløftet og leiarar, maks 5 frå kvar kommune

Invitasjon til møte om Kompetanseløftet 2020

Publisert 13.12.2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer kommunane til det årlege møte om Kompetanseløftet 2020.

Tid: 22. januar 2020

Stad: Scandic Alexandra, Molde

Målgruppe: Kommunane sin kontaktperson for kompetanseløftet og leiarar, maks 5 frå kvar kommune.

Vi starter dagen med registrering kl. 09.00- 09.30 og møtet er frå kl.09.30- 15.30.

I møtet den 22.januar vil vi ha stort fokus på heiltidskultur. Heiltidskultur er viktig for kvalitet og pasientsikkerheit, for å sikre tilstrekkeleg, kompetent og stabil arbeidskraft framover.

Derfor vil vi i tillegg til kontaktpersonen invitere leiarar då god leiing er ein føresetnad for tenester av god kvalitet. Møtet er gratis for fem personar frå kvar kommune.

Fylkesmannen vil informere om status på kompetanse i Møre og Romsdal, samt søknadsprosess og rapportering for Kompetanse- og innovasjonstilskotet.

Økonomi:  Møtet er gratis.

Invitasjon og program finn du i høgremargen.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 9. januar 2020. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Presentasjon frå konferansen finnst no i høgremargen.