Produksjonstilskot og andre tilskotsordningar 26.-27. september 2017

Dato:
26. september 2017 10:45 - 27. september 2017 13:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvaltning

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til fagsamling om produksjonstilskot og andre tilskotsordningar.

Publisert 24.08.2017

Tid: 26.-27. september 2017

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

Målgruppe: Kommunal landbruksforvaltning

Målet med samlinga er fagleg påfyll og oppdatering samt gjensidig dialog om erfaringar, problemstillingar osv. i tilknytning til forvaltninga av dei ulike tilskotsordningane. Det går an å delta på berre ein av dagane, dersom det er hensiktsmessig.

Økonomi: Kommunane må sjølv dekke opphald og reisekostnader.  Kostnad for opphald (også dagpakkane) skal betalast direkte til hotellet ved kursstart.  Evt tilsending av faktura på dette, må den einskilde avtale direkte med hotellet i god tid før kursdagane.  Sjå prisane under.

  • Deltaking 26.-27. september i helpensjon (inkl. overnatting i enkeltrom og alle måltid), kr 1780,-
  • Deltaking i dagpakke 26. september inkl lunsj, kr 470,-
  • Deltaking i dagpakke 27. september inkl lunsj, kr 470,-

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 5. september 2017.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05/71 25 84 99. 

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
26. september 2017 10:45 - 27. september 2017 13:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvaltning