Nettverkssamling Ringar i vatn 24.-26.april 2017

Dato:
24. april 2017 11:00 - 26. april 2017 14:00
Stad:
Hotel Union, Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Tilsette i kommunalt rus- og psykisk helsearbeid og i spesialisthelsetenesta. Brukar og pårørandeorganisasjonar.

Nettverkssamling Ringar i vatn 24.-26. april 2017

Publisert 22.11.2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, KoRus og NAPHA arrangerer nettverksamlinga Samhandling - Som ringar i vatn for tilsette i kommunalt rus- og psykisk helsearbeid og i spesialisthelsetenesta.  Brukar og pårørandeorganisasjonar er og velkomne til å delta.

Tid: 24.-26. april 2017

Stad: Hotel Union, Geiranger

Tema: Omsorg for og oppfølging av pårørande er eit tema som blir løfta fram i alt omsorgsarbeid, både fagleg og politisk.  Å vere pårørande for menneske med rusmisbruk og eller psykisk liding kan vere ekstra tyngande.  Derfor er tema for nettverksamlinga i 2017: "På same lag - om pårørandearbeid i rus- og psykisk helsetenester".

Økonomi:  Det blir ei konferanseavgift på kr 1.900,- pr deltakar.  Deltakarane får tilsendt faktura frå Fylkesmannen.

Påmelding:  Det er elektronisk og bindande påmelding innan 26. mars 2017.  .  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang. påmeldinga di.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
24. april 2017 11:00 - 26. april 2017 14:00
Stad:
Hotel Union, Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Tilsette i kommunalt rus- og psykisk helsearbeid og i spesialisthelsetenesta. Brukar og pårørandeorganisasjonar.