Nettverk for berekraftige bygg i Møre og Romsdal 01.-02. november 2017

Dato:
1. november 2017 12:00 - 2. november 2017 13:30
Stad:
Scandic Lerkendal, Trondheim
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NHO Trøndelag, NHO Telemark
Målgruppe:
Sjå lenger ned, eller i invitasjonsbrevet

Tredrivaren i Møre og Romsdal inviterer til nettverk for berekraftige bygg i Møre og Romsdal.

Publisert 04.10.2017

Tid:  1.-2. november 2017

Stad: Scandic Lerkendal, Trondheim

Målgruppe: Alle som er involverte i planlegging og bygging av offentlege bygg i Møre og Romsdal, til dømes leiare for utbyggingsavdelinga/ eigedom /kommunalteknikk, rådmenn og politikarar, andre administrative representantar  som er involvert i vedtaks-, innkjøps- og investeringsprosessar i kommunane.

På denne samlinga skal vi vere saman med tilsvarande nettverk frå Telemark og Trøndelag.

Føremål: Klima- og energiplanen for Møre og Romsdal har mål om å redusere klimagassutslepp med minimum 10 % innan 2020 basert på nivået i 2009. Eit av tiltaka for å nå målet er å auke bruken av tre som byggemateriale. Offentlege innkjøp er eit viktig verktøy for å nå dei nasjonale klimamåla, det kan gjerast gjennom innovative offentlege anskaffingar.

På samlinga skal vi sjå på konkrete eksempel på berekraftige bygg i tre og innovative anskaffingar.

Mål: Bidra til at fleire offentlege byggherrar bygger berekraftig ved å styrke kompetansen om tre som byggemateriale og innovative anskaffingar, samt etablera nettverk for kunnskapsdeling og felles kunnskapsbygging  for å redusera klimagassutslepp frå offentlege bygg.

Økonomi:  Samlinga er gratis.  Reisa må deltakarane bestille og dekkje sjølv.

Påmelding:  Påmeldingsfristen har no gått ut.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05/71 25 84 99. 

Stadfesting:  Du skal ha motteke ei automatisk stadfesting direkte på din epost når påmeldinga blei gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.