CIM brukarkurs 5. desember 2017

Dato:
5. desember 2017 10:00 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Ansatte i kommunane i Møre og Romsdal som treng grunnleggjande opplæring i CIM

Etter ønske frå kommunane, inviterar vi i år til eit brukarkurs i CIM den 05.desember 2017. Kurset erstattar det årlege møte i regionalt brukarforum for 2017.

Publisert 09.11.2017

Tid: Tysdag 5. desember 2017 kl 10:00 til kl 16:00.

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

Kurshaldar: Johan Stenshorne frå NUSB i Heggedal.

Kurset passar for alle som treng grunnleggjande opplæring i CIM, og for den som treng oppfrisking av sin CIM-kompetanse, særleg etter at det nye brukargrensesnitt kom for litt over eit år sidan.

Det ligg ikkje føre eit detaljert program for kurset enno, men det vil bli gitt grunnleggande opplæring i bruk av CIM som krisestøtteverktøy. Dette basert mellom anna på funn og tilbakemeldingar frå kommunane i samband med Øving Fårikål.

Økonomi:
Kurset er gratis, men deltakarane må betale for dagpakken til hotellet på kr 475. Dette må den enkeltegjere opp direkte med hotellet på kursdagen. Om noko ønskje
tilsendt faktura, må dette avtalast mellom deltakar og hotellet i god tid før kursdagen.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 20. november 2017.
Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telelfon 71 25 85 05 / 71 25 84 99.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på skjermen og på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
5. desember 2017 10:00 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Ansatte i kommunane i Møre og Romsdal som treng grunnleggjande opplæring i CIM