Barnevernkonferansen 2017

Dato:
4. oktober 2017 10:00 - 6. oktober 2017 15:00
Stad:
Hotel Union, Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med Høgskulen i Volda, Bufetat, FO og NOBO
Målgruppe:
Alle som arbeider med og er interessert i barnevernfeltet i fylket.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer i samarbeid med Høgskulen i Volda, Bufetat, FO og NOBO/Norsk barnevernlederorganisasjon)  til Barnevernkonferansen 2017.

Publisert 26.04.2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer i samarbeid med Høgskulen i Volda, Bufetat, FO og NOBO/Norsk barnevernlederorganisasjon)  til Barnevernkonferansen 2017.

Tid:  4.-6. oktober 2017

Stad: Hotel Union, Geiranger

Målgruppe:  Alle som arbeider med og er interessert i barnevernfeltet i fylket.

Tema:  Barn sin rett til omsorg og beskyttelse - sett i lys av ny barnevernlov.  NOU 2016:16 vart lagt fram hausten 2016 og lovforslag skal behandlast i Stortinget i 2017.  Kva vil endringane i lova bety for barn i barnevernet sett frå ulike perspektiv: lovgjevar, forskarar, praksisfelt og barn.

Invitasjon og program kjem seinare.

Prisar og deltaking:

Dagpakke 4. oktober 2017, kr 380,- (for ikkjebuande)

Dagpakke 5. oktober 2017, kr 380,- (for ikkjebuande)

Dagpakke 6. oktober 2017, kr 290,- (for ikkjebuande)

Deltaking i heilpensjon 4.-6. oktober 2017 inkl overnatting i enkeltrom og alle måltid, kr 3150,-

Deltaking i heilpensjon 4.-5. oktober 2017 inkl overnatting i enkeltrom og alle måltid, kr 1665,-

Deltaking i heilpensjon 5.-6. oktober 2017 inkl overnatting i enkeltrom og alle måltid, kr 1575,-

Deltakarane skal sjølv gjere opp for seg direkte til hotellet.  Eventuelt tilsending av faktura må deltakarane sjølv avtale direkte med hotellet i god tid før kursstart.

Deltakarane dekkjer eigne reiseutgifter.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 27. august 2017.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 99.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Vi ser fram til spennande fagdagar i Geiranger og ønskjer alle vel møtt!

Dato:
4. oktober 2017 10:00 - 6. oktober 2017 15:00
Stad:
Hotel Union, Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med Høgskulen i Volda, Bufetat, FO og NOBO
Målgruppe:
Alle som arbeider med og er interessert i barnevernfeltet i fylket.