Høyring av framlegg om skogvern i Stranda kommune

Høyringsfrist:
10. januar 2020

Fylkesmannen melder med dette lokal og sentral høyring av vern for eit nytt naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Arbeidet gjeld eit område ved Liabygda på ca. 144 dekar skog.

Publisert 11.11.2019

Området ligg på privat grunn og er med i ordninga friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Høyringsfråsegn sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde ,eller elektronisk på fmmrpost@fylkesmannen.no.

Frist for høyringa er 10.01.2020.