Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Samfunnstryggleik og beredskap

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen. Som innbyggjar kan du utruste deg til å klare deg sjølv i nokre dagar.

Statsforvaltaren er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Statsforvaltaren kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. I rådet deltek leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. 

Råd om eigenberedskap til deg som er innbyggjar i Noreg

Du er ein del av Noregs beredskap. Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir


14.12.2018

Beredskapsvarsling til Fylkesmannen i Vestland frå 1. januar 2019

Frå 1.1.2019 blir Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slått saman til eitt embete, Fylkesmannen i Vestland. Dette fører til nokre endringar i høve kontaktpunkt for beredskapsvarsling.


04.12.2018

"Du er ein del av beredskapen i Noreg"

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) lanserte nyleg ein kampanje med råd om eigenberedskap, for at flest mogleg kan vere i stand til å ta vare på seg sjølv når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise. Denne veka (veke 49), sender DSB ut ei brosjyre til alle husstandar i landet med råd om eigenberedskap.


13.11.2018

Tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Kvam herad

Fylkesmannen i Hordaland fann ingen avvik, men har ein merknad etter tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Kvam herad 23. oktober 2018.


31.10.2018

Jodtablettar ved atomulukker

Frå 1. november vil reseptfrie jodtablettar vere til sals på norske apotek. Myndigheitene anbefalar at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper tablettar for heimelagring.


19.10.2018

Fagsamling samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesmannen i Hordaland samla beredskapskontaktar i kommunane og ei rekkje andre som arbeider med samfunnstryggleik og beredskap i Hordaland, til fagsamling på Voss 18. og 19. oktober.


08.10.2018

Korleis kan kommunen redusere utslepp av klimagassar?

På samlinga i Haugesund 5. og 6. desember vert det presentert aktuelle tiltak og korleis kommunane kan arbeide for å redusere utsleppa. Kommunar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er inviterte.  Meld deg på så snart som mogleg! Frist er sett til 30. oktober. 


08.10.2018

Kurs i DSB-CIM for kommunane i Hordaland

Fylkesmannen arrangerer grunnkurs og administratorkurs i DSB-CIM for kommunane i Hordaland 26. og 27. november 2018, på Park Hotel Vossevangen.


05.10.2018

Nye statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing

Regjeringa har vedteke nye statlege planretningslinjar for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing frå 28. september 2018.


03.10.2018

Tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Ulvik herad

Fylkesmannen i Hordaland avdekte tre avvik og har ein merknad etter tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Ulvik herad 4. september 2018.


26.09.2018

Tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Odda kommune

Fylkesmannen i Hordaland avdekte fire avvik og har ein merknad etter tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Odda kommune


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel