Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.
Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.
Fylkesmannen i Hordaland har hatt tilsyn med Haukeland universitetssjukehus etter at ein mann med hjartesjukdom døydde medan han venta på behandling i akuttmottaket. Det var mange alvorleg sjuke pasientar som kravde behandling på same tid og det var ikkje nok legar og sjukepleiarar til å ta seg av alle. Mannen blei liggjande utan tilsyn.
14.12.2018
Kongen i statsråd vedtak 7. desember 2018 oppretting av tre nye naturreservat i Hordaland. Det er Alsåker i Ullensvang, Fyksesund i Kvam og Uranes i Granvin herad.
07.12.2018
Ein mann som var operert døde etter at han fekk blodforgifting på grunn av infeksjon i operasjonssåret. Han starta med antibiotika på Førde sjukehus og blei flytta til Haukeland Universitetssjukehus for vidare behandling. Verken helsepersonellet i Førde eller Bergen forstod kor alvorleg sjuk han var. Begynnande organsvikt blei ikkje fanga opp. Han fekk ikkje forsvarleg behandling.
Komponist Ketil Hvoslef fekk i dag overrekt sine ordensinsignia for St. Olav av 1. klasse under ei enkel tilstelling på fylkesmannen sitt kontor i Bergen.
05.12.2018
Etter ønskje frå grunneigarane, melder vi start av arbeid med frivillig skogvern i Sæteråsen og Håvikvatnet i Fusa og Kvinnherad. Frist for innspel er 31. desember 2018.
03.12.2018
Hendingar i sjukehusa som får eit alvorleg og uventa utfall skal straks varslast til Statens helsetilsyn. Dei fleste sakene blir sendt vidare til fylkesmannen for undersøking. Vi reiser oftare enn før ut til sjukehusa og gjennomfører tilsynet der hendinga skjedde. Vi har god erfaring med denne måten å gå fram på. Leiarar og helsepersonell gir og gode tilbakemeldingar på dette. Sakene blir betre opplyst og raskare konkludert.
29.11.2018
Fylkesmannen vil med dette invitera kommunane til å søkje om skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjøn) for 2019.
21.11.2018
I samband med samanslåinga med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vert sakshandsamingssystemet verjemålseininga nyttar (VERA) ute av drift frå cirka 21. desember til 4. januar.
13.11.2018
Dette er konklusjonen i tilsynet med kommunen si oppfølging av krisesentertilbodet.
08.11.2018
Tilsynsaksjonen i 2018 viste at ein av tre verksemder har ikkje kartlagt, vurdert eller laga handlingsplanar for å redusere risiko i verksemda.
07.11.2018
Den 6. desember (frå klokka 09:00 til 15:45) inviterer vi til open dag om framtidsfullmakter på Statens hus i Bergen.
05.11.2018
Som vanleg var oppmøtet stort når staten og kommunane møtte kvarandre på Solstrand 30. og 31. oktober. Her finn du presentasjonane.
15. august 2018 ventar 218 personar i Hordaland på sjukeheimsplassen dei har fått innvilga. Fylkesmannen viser til innbyggarane sine rettar, og forventar at alle kommunar har tilstrekkeleg kapasitet til å møte innbyggarane sine behov.
26.10.2018
Tilsynet med Sotra legevakt viste at dei som tek imot telefonar frå folk som treng hjelp, ikkje har felles verktøy eller felles praksis for å innhente opplysningar dei treng for å prioritere hastegrad.
18.10.2018
I veke 45, 5. – 9. november, skal alle sjukeheimar registrere infeksjonar og antibiotiakbruk blant pasientane sine. Målet er betre pasienttryggleik.
16.10.2018
Vaksinasjon av helsepersonell er eit av temaa på Smitteverndagen 2018.
Det er ikkje innført endringar i praktisering av regelverket for behandling av søknader om spreiing av husdyrgjødsel etter 1. oktober.
15.10.2018
Fleire elvar og innsjøar i Hordaland har dårleg vasskvalitet. Etter Vassforskrifta skal ein gjere tiltak for å betre tilstanden. I denne samanheng er rundt 80 lokalitetar i Hordaland undersøkt i 2017 og 2018.
11.10.2018
Fylkesmannen skal i haust føre tilsyn med slakteri og verksemder som foredlar fisk og kjøt. Vi skal sjekke om bransjen tar ansvar for å hindre forureining.
Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet starta i 2013, og no i 2018 finansierer tilskotsordninga i alt 88,9 stillingar i Hordaland.