Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Krafutbygging og veg i unikt landskap

Holmen kraft AS vil byggje kraftverk i Verdsarvområdet og landskapsvernområde i Nærøydalen. Utbygginga vil gje ny veg til Jordalen, og dette er ein viktig drivkraft for planane. Utbygginga lyt skje på vilkår gitt i vernereglane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.04.2012

Utbygging av kraftverk og veg i unikt landskap
Holmen krafverk AS har søkt om utbygging av kraftverk i Jordalselvi. Elva er ein del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, og dei nedre delane av elva ligg innafor Nærøyfjorden landskapvernområde. Kraftutbygging vil gjere det mogleg å bygge ny og sikker veg til Jordalen.

Stor samfunnsnytte forsvarer utbygging
Etter ei samla vurdering av samfunnsnytten godtek Fylkesmannen utbygging, sjølv om området har eineståande natur- og landskapsverdiar med internasjonal verdi.

Utbygginga må ta omsyn til verneområdet og laksen
Fylkesmannen uttaler at utbygginga må skje innafor rammene av vernereglane for Nærøyfjorden landskapsvernområde, og på vilkår som framgår av dispensasjonsvedtak etter verneforskrifta. Vidare må ein ta høgde for at Nærøyvassdraget er eit nasjonale laksevassdrag. Utslepp frå kraftstasjonen lyt skje ovanfor lakseførande strekning.

UNESCO skal handsame saka
Nærøydalen er eit verdsarvsområde, Vestnorsk fjordlandskap, vedteken av UNESCO i 2005. Dersom UNESCO konkluderer med at utbygging er i strid med området sin status som verdsarvområde, fell dispensasjonen etter verneforskrifta frå Fylkesmennene bort.

Les meir om bakgrunn for saka i fråsegnene frå Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane under.

Sjå lenke til verdsarvsområde Vestnorsk fjordlandskap.