Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Meir miljøvenleg landbruksdrift for trua elvemusling

Er du gardbrukar og driv innafor nedbørsfelt til elvemuslingvassdrag, kan du få tilskot for miljøomsyn. Å redusere landbruksavrenning er eitt av mange tiltak som no vert gjort for å betre vasskvaliteten i elvemuslingvassdrag i Hordaland. Frist for å signere Miljøavtale Elvemusling er 15.april 2015

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.06.2014
Magnus Johan Steinsvåg © Dyr på beite ved elvemuslingvassdrag. Foto: Øyvind Vatshelle ©

Elvemuslingen er ei indikator for helsetilstanden i vassdrag. Den er også ein nøkkelart ved at den filtrerar og «reinsar» vatnet og på den måten betrar levekåra for fisk og anna liv i vassdraget. Foto elvemusling: Magnus Johan Steinsvåg, dyr på beite: Øyvind Vatshelle ©.

Utryddingstrua i Hordaland

Tilførsle av jord- og steinpartiklar frå omkringliggande landområde er særs uheldig for elvemuslingen. Partiklane legg seg på elvebotnen og kveler dei yngste muslingane som ligg nedgravd i elvegrusen. Tilførsle av næringsstoff fører også til redusert oksygeninnhald i vatnet. Derfor kan sjølv enkle og rimelege omsyn gje ein betra effekt for elvemuslingen og anna liv i vassdraga våre.

Elvemuslingen er ein av verdas mest trua ferskvassdyr, og over 95% av bestandane i Europa er allereie utrydda. I Hordaland er 10 av 21 bestandar utrydda. Åtte av dei resterande bestandane er rekna å vere kritisk trua. Utan tiltak vil også dei døy ut.

Store miljøtilskot for godt formål

Fylkesmannen i Hordaland har i samarbeid med Bondelaget og Småbrukarlag oppretta ordninga "Miljøavtale Elvemusling" som er ein del av tilskotsordninga for miljøtiltak i landbruket i Hordaland (regionalt miljøprogram, RMP). For å informere om den nye ordninga har det også i fellesskap blitt arrangert informasjonskveld om den trua elvemuslingen og miljøvenleg landbruksdrift i Os og på Osterøy.

Dersom du som gardbrukar sørgjer for at drifta er innanfor rammene som er sett i «Miljøavtale Elvemusling» kan du få tilskot som monnar. Tilskotet gjeld buffersone på dyrkamark og dyrka mark i nedbørsfeltet, ikkje innmarksbeite.

  • Føretak med mjølkeproduksjon ku får 180 kr/daa, medan føretak utan mjølkeproduksjon ku får 70 kr/daa. 
  • Buffersone mot vassdrag har sats på kr 15 pr løpemeter.

For føretak med til dømes mjølkeproduksjon vil miljøtilskotet vere ca. kr 24 000,- dersom du driv 100 daa og har 400 meter buffersone. For 2014 er det satt eit maksimumsutbetaling pr føretak på kr 20.000 for arealet og kr 30.000 for buffersone.

Sjå lenker til høgre for på sida om korleis du som gardbrukar kan søkje om miljøtilskot for omsyn til elvemusling i landbruket.

Finpartiklar frå aktivtetar i nedbørsfeltet til Mjåtveitelva 2011. Partiklane legg seg på elvebotnen og kveler elvemuslingane. Magnus Johan Steinsvåg ©
Finpartiklar frå aktivtetar i nedbørsfeltet til Mjåtveitelva 2011. Partiklane legg seg på elvebotnen og kveler elvemuslingane. Bestanden vart konstatert utrydda i 2012. Magnus Johan Steinsvåg ©

Tips for redusert avrenning

Med utgangspunkt i ordninga "Miljøavtale Elvemusling" har Landbruksrådgivinga Hordaland og Rådgivende Biologer fått i oppdrag å utarbeide eigne miljøplanar for gardbrukarane innafor nedbørsfelta. Planen inneheld konkrete råd og tips om korleis ein kan redusere landbruksavrenninga. No i 2014 vart det utarbeidd 36 slike "Miljøplan Elvemusling". Vi håpar på økonomisk ramme til å utarbeide fleire til neste år, slik at vi også kan få utarbeidd planar for resten av dei aktuelle gardsbruka. 

Bergingsaksjon

Fylkesmannen, Universitetet i Bergen, Rådgivende Biologer og kommunane driv ein bergingsaksjon for elvemusling i Hordaland. Vi tek dei yngste elvemuslingane inn i eit nasjonalt spesialanlegg på Austevoll. Her vert dei ala fram i trygge omgjevnader og skal setjast attende til heimelva om få år når dei er over den mest kritiske fasen.

Parallelt med dette jobbar vi med å gjere elvane meir levelege for elvemuslingane, fisk og anna liv i vassdraget. Då er fokuset både på meir miljøvenleg og smartare arealplanlegging, auka oppfølging av kloakkutslepp og forureining hjå verksemder som er lokalisert i nærområda til viktige vassdrag. Å redusere landbruksavrenning er også ein del av dette.

Bli med på bergingskasjonen!

Det vart i løpet av 2014 utarbeidd "Miljøplan Elvemusling" til 36 gardbrukarar i nedbørsfelta til elvemuslingvassdrag i Hordaland. Det utgjer totalt 4125 da, og 80% av dyrka areal innafor nedbørsfelta (for Lonevassdraget er Låstadgreina inkludert i 2014). Over 17 km med randsone til elvemuslingvassdrag er inkludert!
 
Dersom storparten av de som er gardbrukarar signerer Miljøavtale Elvemusling, er vi trygge på at dette vil ha ein særs positiv effekt på vassdraga. Det vert i tillegg fokusert på andre forureingskjelder som verkar negativt inn på vassdraga.

Arbeidet med å utarbeide gratis Miljøplanar er også prioritert i 2015, og då særleg for bruk innafor nedbørsfeltet til Lonevassdraget og Osvassdraget.

Søknadsfristar

Frist for å sende inn signert eksemplar av "Miljøavtale Elvemusling" er 15. april 2015. Dokumentet skal sendast kommunen kor jordbruksføretaket er registrert.

For å få utbetalt tilskot til tiltak i miljøavtale elvemusling og ugjødsla randsone i eng, må du søkje om tilskot frå Regionalt miljøprogram (RMP). Søknadsfristen blir truleg i august eller september i 2015. Det kjem meir informasjon om endeleg søknadsfrist.