Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Stønad til klimasats

Miljødirektoratet har gitt stønad til prosjekt i Hordaland som vil redusere utslepp av klimagassar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2016

Gjennom ordninga Klimasats har Miljødirektoratet gitt stønad til prosjekt som vil redusere utslepp av klimagassar og vise veg mot eit samfunn med lågare utslepp.  Det er gitt tilsegn om nærare 8 millionar kronar til prosjekt i Hordaland. Samla søknadssum i fylket var på om lag 30 millionar kronar.

Utvikling av klimavenleg transport og bygging og areal- og transportplanlegging som bidrar til lågutslepp-samfunnet har fått prioritet blant søknadar i Hordaland. 

Lista under gir eit oversyn over prosjekt  i Hordaland som har fått tilsegn om midlar frå Klimasats i 2016. 

Søkjar/Mottakar Prosjektnamn  Tilskot i 1000 kr Type tiltak
Meland kommune Klimavenleg mobilitet Freklaug – Flatøy - Knarvik 400 Areal- og transportplanlegging
Meland kommune Ladepunkt elbilar Meland kommune 200

Teste effekt av ladeinfrastruktur i ikkje tettblygde strok

Bergen kommune Kollektive ladeløysingar 3 000 Ladeinfrastruktur, effektstyring og delingsmodellar
Bergen kommune Klimavenleg tenestemobilitet i Bergen kommune 1 225 Lading til tenestbilar
Bergen kommune Prøvekjøre elsykkel for ungdom 300 Sykkel og gange, el-sykkel

Bergen kommune

Forprosjekt nye energistasjonar

240

Energistasjon, planlegging
Hordaland fylkeskommune Ladeinfrastruktur for drosjar i Bergen 1 750 Drosjar
Hordaland fylkeskommune Flishoggar ved Stend VGS 400 Energiproduksjon, erstatte gass

Hordaland fylkeskommune

Grønnare bybaneutbygging

250 Innkjøpskompetanse, samferdsle
Fylkesmannen i Hordaland KomByggTre 100 Nettverk
  SUM 7 865  


Du kan lese meir om prosekta og om tildelingar elles i landet på Miljødirektoratet si nettside

Ny sjanse i 2017
Ordninga vil truleg bli vidareført i 2017. Søknadsfristen vil bli i midten av februar. Meir informasjon vil kome på www.miljokommune.no.