Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Klima

Utsleppet av klimagassar i Noreg må ned for at vi skal nå dei internasjonale og nasjonale måla som er definerte i Parisavtalen og klimalova. Vi kan avgrense klimaendringane ved å redusere klimagassutslepp og å auke opptak og binding av karbon. Samtidig må vi erkjenne at klimaet alt er i ferd med å endre seg, og at vi må tilpasse oss eit endra klima.

Utsleppsreduksjonar

Statsforvaltaren skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar på ei rekkje område. Vi er bindeleddet mellom nasjonal klimapolitikk og kommunar og andre aktørar i fylket. Statsforvaltaren har dessutan ein viktig funksjon i å følgje opp planarbeidet i kommunane, både som rettleiar i kommunal planlegging og ved å fremje motsegn dersom planar er i strid med nasjonale retningslinjer. På landbruksområdet informerer og rettleiar vi om tiltak og verkemiddel som kan redusere klimagassutsleppa og auke opptak og binding av karbon. Vi jobbar for å formidle kunnskap og informasjon om klima til kommunane innanfor alle ansvarsområda våre. Dette gjer vi gjennom dialog med kommunane og gjennom samlingar, kurs og konferansar.

Klimatilpassing

I Noreg betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperatur, auka nedbørintensitet, auka avrenning, færre dagar med snø, auka havnivå og konsekvensar for naturmiljøet. Endringane gir auka risiko for flaum, stormflo, skred (både jordskred og snøskred) og skader som følgje av overvatn. Klimaendringane har også meir sakteverkande effektar på natur og samfunn, som endringar i artar og økosystem og endra vilkår for naturbaserte næringar som fiskeri, landbruk og reiseliv. Klimaendringane har ulike konsekvensar i ulike område av landet, og nødvendige tiltak kan variere frå stad til stad. Fylkesvise klimaprofiler skildrar venta klimaendringar for kvart fylke mot slutten av dette hundreåret.

Statsforvaltaren skal bidra til at samfunnet klarer å avgrense den negative effekten av klimaendringane. Rolla vår er å ta avgjerder og vere rettleiar innan fleire av fagområda våre. Arealplanlegging har ei nøkkelrolle i klimatilpassingsarbeidet, og Statsforvaltaren rettleiar og kan komme med motsegn. Statsforvaltaren har dessutan ei sentral rolle innanfor regional samfunnstryggleik og beredskap, som omfattar tilsyn, rettleiing og risikoførebyggande arbeid, og handtering av akutte situasjonar. Landbruk, avløp, naturforvaltning og vassforvalting er andre fagområde der Statsforvaltaren kan vere med og bidra til at samfunnet er førebudd på å tole konsekvensane av et endra klima.

Vis meir


20.11.2018

Nytt kartverktøy viser framtidig havnivå og stormflodpåverknad for kystsona


02.10.2018

Klimasamling for kommunane på Vestlandet

Kommunane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er inviterte til samling i Haugesund 5. og 6. desember. Tema for samlinga er korleis kommunane kan arbeide for å redusere klimagassutslepp. Frist for påmelding er 20. oktober


09.08.2018

Kommunar får midlar til klimasatsing

Fleire kommunar i Hordaland har også i 2018 motteke statlege Klimasats-midlar frå Miljødirektoratet. Midlane skal gå til tiltak som bidrar til reduksjon i klimagassutslepp og omstilling til lågutslepp-samfunnet.


24.06.2018

Kommunepolitikarar viktige for klima

Det skriv Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, på sin blogg. Ho peikar på at kommunar som startar omstilling til lågutsleppssamfunnet i dag, vert mest attraktive i framtida. Om kommunepolitikarane vil.


05.04.2017

Korleis bli ein betre miljøkommune?

Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer alle som arbeider med miljø og klima i kommunane til seminar i Bergen 30. mai 2017. Her får du høyre om forureiningsregelverket og organisering av arbeidet med miljø og klima. Gode inneleiarar vil snakke om miljøgifter, overvatn, marin forsøpling og nyttig bruk av avfall.


18.11.2016

Kommunar kan søkje tilskot til klimatilpassing 2017

Kommunar og fylkeskommunen kan søkje midlar til tiltak knytt til klima og klimatilpassing i 2017. Det er to ulike søknadsordningar med søknadsfrist 15. januar og 15. februar.


08.11.2016

Stønad til klimasats

Miljødirektoratet har gitt stønad til prosjekt i Hordaland som vil redusere utslepp av klimagassar. 


26.04.2016

Ny støtteordning for klimatiltak i kommunane

Fylkesmannen oppmodar kommunane, fylkeskommunen og kommunale føretak om å søke tilskot til lokale klimatiltak gjennom støtteordninga Klimasats. Det er sett av 100 millionar kroner til ordninga i 2016. Fristen er 23. juni.


06.06.2014

Fylkesmannen er klimapartnar

4. juni var offisiell lansering av Klimapartnarar i Hordaland. Fylkesmannen er med i nettverket der 14 private og offentlege verksemder deltek. Målet er å redusere klimagassutsleppa og fremje grøn verdiskaping.