07.11.2018
Ein av tre verksemder manglar oversikt over risiko
Tilsynsaksjonen i 2018 viste at ein av tre verksemder har ikkje kartlagt, vurdert eller laga handlingsplanar for å redusere risiko i verksemda.
23.10.2018
Søknad om utsleppsløyve for bygging av Løkjelsvatn Kraftverk i Etne
SKL AS søker om løyve til utslepp i samband med bygging av Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune. SKL AS har fått løyve frå NVE og bygginga vil vare om lag tre år og ta til i 2018. Frist for å gje uttale er 21. november 2018.
11.10.2018
Foredling av fisk og kjøt utan forureining?
Fylkesmannen skal i haust føre tilsyn med slakteri og verksemder som foredlar fisk og kjøt. Vi skal sjekke om bransjen tar ansvar for å hindre forureining.
06.09.2018
Søknad om endring av løyve til lagring av forureina massar i Straume Næringspark
Veidekke Entreprenør AS søkjer om endra løyve til mottak og mellomlagring av forureina massar i Straume Næringspark i Fjell kommune. Frist for uttale er måndag 10. oktober 2018.
31.08.2018
Søkjer endra løyve til utfylling av massar i Store Lungegårdsvann
Bybanen Utbygging søkjer om endra løyve etter forureiningslova. Frist for å gje uttale er 17. september 2018.
31.08.2018
Bybanen søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid på Mindemyren
Bybanen Utbygging søkjer om løyve for utslepp av reinsa byggegropsvatn og støy og støv frå sorteringsverk og asfaltknuseverk. Frist for å gje uttale er 8. oktober 2018.
24.08.2018
Søknad om utslepp frå fjørfeslakteri i Kvam
Økodrift Homlagarden AS søker om løyve til utslepp av reinsa prosessvatn frå produksjon av inntil 600 tonn økologisk fjørfe per år ved sitt nye fjørfeslakteri i Kvam herad. Frist for uttale er 28. september 2018.
17.08.2018
Lite farleg avfall på avvegar hos avfallsselskapa, men dokumentasjonen må bli betre
Fylkesmannen kontrollerte i vår anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall for å sjå om dei følgjer miljøregelverket. Kontrollane viste at farleg avfall ikkje er på avvegar og at det ikkje er stor fare for forureining, men mange mottak manglar dokumentasjon knytt til det farlege avfallet.
07.08.2018
No er det enklare å søke om løyve til avfallsanlegg
Vi har laga nytt søknadsskjema for avfallsanlegg, så no er det enklare å søke om nytt eller endra løyve. Alle søknadar om drift av slike anlegg må bruke skjemaet. Les heile saka for meir informasjon.
29.05.2018
Sjekker om pukkverk forureinar
Fylkesmannen kontrollerer i mai og juni om pukkverk følgjer miljøregelverket. Kontrollane er del av ein landsomfattande aksjon.
16.05.2018
Korleis kan verksemder hindre plastforsøpling?
Miljødirektoratet har laga eit faktaark om kva verksemder kan gjere for å redusere marin forsøpling og mikroplast. På Fylkesmannens tilsyn med forureining er plastforsøpling no fast tema.
30.04.2018
6.8 millionar kroner til å rydde marint avfall i Hordaland
Heile 5 millionar av dette er tildelt Bergen og Omland Friluftsråd. Det er Miljødirektoratet som står for tildelinga etter tilråding frå Fylkesmannen. Midlane vil bidra til reinare kyst, og god tilrettelegging for innsats på strandryddedagen 5. mai.
20.04.2018
Søknad om endring av utsleppsløyve for E39 Svegatjørn - Rådal
Statens vegvesen søkjer om endring av nokre vilkår utsleppsløyvet for anleggsvatn og tunnelvaskevatn frå E39 Svegatjørn – Rådal. Frist for å gje uttale er 22 mai 2018.
02.03.2018
Søknad om utsleppsløyve frå anleggsarbeid ved bygging av Bybanen
Bybanen Utbygging søkjer om mellombels utslepp av vatn frå byggegrop i Fløen og frå tunneldriving under Haukeland sjukehus. Frist for uttale er 6. april 2018.
22.02.2018
100 verksemder får tilsyn
Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 100 tilsyn med forureining i 2018. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år vil marin forsøpling og vedlikehald vere tema på alle tilsyn.
14.02.2018
Statkraft søker om løyve etter forureiningslova
Statkraft søker om mellombels løyve til utslepp etter forureiningslova i samband med bygging av Storlia Kraftverk i Eidfjord kommune. Frist for uttale er 15. mars.
13.11.2017
Søkjer om mudring, utfylling og dumping på Eldøyane
Kværner AS Lokasjon Stord søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring, undervassprenging, dumping og utfylling. Arbeidet er planlagt gjennomført i 2018. Frist for uttale er 15. desember 2017.
03.11.2017
Søknad om utfylling i Hopsvatnet på Askøy
Det vert søkt om å fylle ut om lag 2500 kubikkmeter sprengstein i eit areal på 360 kvadratmeter mellom Haugane og Holmen. Frist for uttale er 3. desember 2017.
03.11.2017
Søknad om utfylling i Olavika
Statens vegvesen søkjer om løyve til å fylle ut i Olavika på Askøy. Frist for uttale er 3. desember 2017.
16.10.2017
Onesubsea Processing AS avd. Horsøy søkjer om endra utsleppsløyve
Onesubsea Processing AS avd. Horsøy søkjer om å auke utslepp av oljehaldig vatn og kjølevatn til sjø frå anlegg for testing av undervassuststyr.
12.09.2017
Framo Holsenøy AS søkjar om løyve for overflatebehandling
Verksemda søkjar om løyve etter forureiningslova for kjemisk overflatebehandling på Hjertås i Meland. Det skal ikkje vere utslepp til sjø frå prosessane. Utslepp til luft kan innehalde låge verdiar av flussyre og salpetersyre. Frist for uttale er 25. oktober 2017.
12.09.2017
Utslepp av tunneldrivevatn til Kiplevatnet i Bergen og til sjø ved Knarrevik i Fjell
Statens vegvesen søkjer på vegner av BKK Nett AS om utslepp av drivevatn i samband med bygging av tunnelar for høgspent. Frist for å gje uttale er 20. oktober 2017.
05.07.2017
Vilkår for opprydding i forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvatn
Bergen kommune har fått løyve etter forureiningslova til å legge eit lag med reine massar over forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvatn. Tiltaket vil stanse spreiing av tungmetall og organiske miljøgifter frå sjøbotn. Det er sett ei rekkje vilkår for å redusere forureining under anleggsarbeidet.
23.06.2017
Er oppdrettarane gode på botnen?
Dette skal Fylkesmannen sjekke ut i august og september. Aksjonen er ei oppfølging av tilsynsaksjonen for akvakultur i 2011, og skal gjennomførast i alle kystfylka frå Rogaland til Finnmark. I år skal vi sjå på matfiskanlegga i sjø.
22.06.2017
Tilsyn har gitt betre miljøtilstand i betongbransjen
Hausten 2016 vart 16 betongverksemder kontrollert. Ved tilsynet visste få om vaskevatnet frå betongproduksjonen inneheldt miljøfarlege stoff. Dei fleste er no i gong med målingar og fleire har investert i betre reinseanlegg.
21.06.2017
Envir AS søkjer om endring av løyve på Laksevåg
Envir AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova på Laksevåg i Bergen kommune. Frist for uttale er 15. august 2017.
20.06.2017
Søknad om etablering av avfallsanlegg ved Flesland
Metallco Bergen AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere avfallsanlegg i Fleslandveien 67 i Bergen kommune. Frist for uttale er 15. august 2017.
16.06.2017
Har sjekka forureining ved ti plast- og glasfiberprodusentar
Tilsyna vart gjennomført hausten 2016 og var del av ein nasjonal tilsynsaksjon i regi av Miljødirektoratet. Verksemdene vi besøkte produserte mellom anna isoporprodukt, produkt i termoplast og glasfiberbåtar. Dei fleste avvika er no retta.
22.05.2017
Utslepp av tunneldrivevatn til sjø ved Våge i Fjell kommune
FjellVAR AS søkjer om utslepp av drivevatn i samband med bygging av tunnelar og fjellhall til nytt avløpsreinseanlegg. Anlegget skal lokaliserast ved Våge, og anleggsstart er planlagt i august 2017.
22.05.2017
Innlegg frå forureiningsseminaret 30. mai
120 deltakarar frå kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane var med på seminaret 30. mai i Bergen med tema Korleis bli ein betre miljøkommune. Sjå program og innlegg frå seminaret.
16.05.2017
Redusert miljøtilstand i Masfjorden
Fylkesmannen trekker tilbake utsleppsløyva frå Erko Seafood AS for lokalitetane Bergsvik og Barlingebotten. Havforskningsinstituttet og Engesund Fiskeoppdrett AS får redusert løyve på lokalitetane Knappen/Solheim, Smørdalen og Ådnekvamme.
25.04.2017
Undersøkjer plastforureining på strender i Sørfjorden
Fylkesmannen har fått melding om funn av skyteleidningar av plast i fjæra fleire stadar i Ullensvang. No ber vi dei som har fått løyve til utfylling i området gje informasjon om dei er kjelde til forureininga og om gjennomførte og planlagte tiltak.
05.04.2017
Korleis bli ein betre miljøkommune?
Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer alle som arbeider med miljø og klima i kommunane til seminar i Bergen 30. mai 2017. Her får du høyre om forureiningsregelverket og organisering av arbeidet med miljø og klima. Gode inneleiarar vil snakke om miljøgifter, overvatn, marin forsøpling og nyttig bruk av avfall.
20.03.2017
Vil ta imot asfalt på Brandaneset
Os kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak og lagring av asfalt på Brandsneset. Frist for uttale er 1. mai 2017.
10.03.2017
Søknad om utsleppsløyve frå TINE SA, avd. Bergen
TINE SA, avd. Bergen søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda skal flytte frå Minde til nytt produksjonslokale på Espehaugen, gnr. 107 og bnr. 497 i Bergen kommune. Frist for å gje uttale er 1. mai 2017.
07.03.2017
Norsk Gjenvinning Metall AS søker om endra løyve på Storaneset
Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna søker om endring i løyvet til mottak og miljøsanering av kasserte kjøretøy, løyve til av mottak og behandling av stål og metaller, og løyve til mottak av EE-avfall på anlegget sitt på Storaneset 42, Indre Arna.
01.03.2017
Skal sjekke forureining ved 80 verksemder
Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 80 tilsyn med forureining i 2017. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år, som i fjor, vil levering av avfall og farleg avfall vere tema på alle tilsyn.
28.02.2017
Mindre forureining frå avløp gjev reinare fjord
Nye krav vil føre til at avløpsvatnet frå større tettstader i Hordaland vil bli betre reinsa. Det vil bli bygd mange nye reinseanlegg og utslepp som i dag går til sårbare resipientar vil bli overført til betre sjøområde. Nye og oppgraderte avløpsleidningar vil gje mindre lekkasjar.
20.02.2017
Søknad om mottak av auka mengd asfalt på Øystese
GBS Entreprenør AS søkjer om endring i løyvet etter forureiningslova til mottak av auka mengd asfalt og auka maksimal mengd på lager i Sjusetevegen 91B på anlegget sitt i Øystese. Frist for uttale er fredag 31. mars 2017.
17.02.2017
Søknad om løyve til handtering av avfall på Mongstad
Ragn Sells AS avd. Mongstad søkjer om mottak, sortering og lagring av avfall frå Statoil og andre næringskundar i området. Frist for uttale er 26. mars 2017.
08.02.2017
Søknad om utsleppsløyve for Oddaprodukt AS
Oddaprodukt AS søkjar om utsleppsløyve etter forureiningslova for vaskeridrifta i Odda. Frist for uttale er 10. mars 2017.
24.01.2017
Søknad om auka mengd avfall på Knarrevik
Norsk Gjenvinning AS avd. Knarrevik søkjer om endring i løyvet etter forureiningslova til auka mengd avfall på avfallsanlegget sitt på Knarrevik. Frist for uttale er onsdag 1. mars 2017.
20.01.2017
Utslepp av svevestøv krev tiltak
Fylkesmannens tilsynsrapport viser at Bergen kommune ikkje har utreda effektive tiltak for å redusere utslepp til luft frå mindre fyringsanlegg.
11.01.2017
Utslepp av finstoff frå jernmalm i sjø
Technip Norge AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av 5,4 tonn finpartikulær jernmalm i Digernessundet, ca. 2,5 km aust for Stordalsbrua (E39). Tiltaket vil skje i løpet av ei veke i august eller september 2017. Frist for uttale er 13. februar 2017.
22.12.2016
Foreslår endringar i utsleppsløyvet til Hordafor AS
Fylkesmannen foreslår å gjere den midlertidige delen av løyvet til å ta imot ensilert fiskeavfall på Salthella i Austevoll permanent, men med dei same strenge vilkåra for utslepp til luft og vatn. Vi foreslår også nokre andre mindre endringar. Frist for uttale er 27. januar 2017.
23.11.2016
Tilsynsaksjon med produsentar av plast- og glasfibervarer
I november gjennomfører Fylkesmannen tilsyn ved produsentar av plast- og glasfibervarer. Tilsyna er del av ein landsomfattande aksjon, og verksemder over heile landet vert kontrollerte.
26.10.2016
Søknad om handtering av stål og metall i Knarrevik
Norsk Gjenvinning Metall AS (NGM) søkjer om løyve til å ta imot, handsame og mellomlagre stål og metall i Knarrevik i Fjell kommune. Frist for uttale er torsdag 1. desember 2016.
07.10.2016
Jordmassar frå problem til ressurs
I rettleiaren som Region Nordhordland har laga er det samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Prosjektet har fått skjønsmiddel frå Fylkesmannen.
23.09.2016
Høgt koparinnhald under fleire oppdrettsanlegg
Konsentrasjonen av kopar i sedimenta like under fleire oppdrettsanlegg har nådd eit urovekkande høgt nivå. I snitt er koparmengda ved dei undersøkte anlegga meir enn tre gongar høgare enn Miljødirektoratet reknar som akutt toksisk for dyr . Næringa nyttar om lag 1000 tonn kopar årleg til notimpregnering.
20.09.2016
Utslepp av finstoff frå jernmalm i sjø
Statoil ASA søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av 165 tonn finpartikulær jernmalm til sjø på to alternative lokalitetar. Berre ein lokalitet vert nytta. Lokalitetane er sjøområde aust for Stord verft og i Klosterfjorden i Kvinnherad. Tiltaket vil skje i løpet av ein månad i mars - april 2017. Frist for uttale er 24. oktober 2016.
08.09.2016
Søknad om lagring av forureina massar på Straume Næringspark
Veidekke Entreprenør AS søkjer om løyve til å lagre lett forureina grave- og rivemassar frå bygg og anlegg på Straume Næringspark i Fjell kommune. Frist for uttale er måndag 10. oktober 2016.
05.09.2016
Variert miljøtilstand på settefiskanlegga
Dei siste fem åra har Fylkesmannen gjennomført tilsyn ved alle dei 29 verksemdene og dei fleste av dei 45 settefiskanlegga i fylket. Fem anlegg hadde ingen avvik, men mange anlegg mangla mål for miljøtilstand i resipienten. Også risikovurderingane var mangelfulle på mange anlegg.
31.08.2016
Spreiing av husdyrgjødsel
Spreiing av husdyrgjødsel skal skje i vekstsesongen. Siste frist for overflategjødsling på eng er 1. september i dei fleste kommunane i Hordaland.
26.08.2016
Gjennomfører du tilsyn med avløpsanlegg? Bli med på tilsynskurs!
Fylkesmannen og Norsk Vann inviterer alle som fører tilsyn med avløpsanlegg til kurs 16.- 17. november 2016 på Statens Hus i Bergen. Her får du informasjon om regelverk, heile prosessen med planlegging og førebuing, økonomi, datahandtering, sjølve kartlegginga og vurdering ute i felt, og oppfølging av avvik i etterkant.
02.08.2016
Etterkunngjering av løyvet til Fana Stein og Gjenvinning AS
Fylkesmannen har etter søknad frå Fana Stein & Gjenvinning AS gitt løyve til å deponere forureina jord med auka innhald av laust organisk karbon (DOC) på deponiet i Stendafjellet. Løyvet er avgrensa til å gjelde jordmassar frå Nye Minde Barnehage i Bergen kommune. Frist for å klage er 24. august 2016.
14.07.2016
Søknad om løyve til mottak og handsaming av avfall på Knarrevik
Norsk Gjenvinning AS, avd. Knarrevik søkjer om løyve til mottak og mellomlagring av nye avfallsfraksjonar, nye prosessar, samt endring i eksisterande løyve til drift av avfallsanlegget på Knarrevik. Frist for uttale er onsdag 24. august 2016.
08.07.2016
Endra utsleppspunkt frå Storanipa avløpsanlegg i Fjell
Fjellvar vil flytte utsleppspunktet frå Byfjorden aust for Hjelteryggen til Hjeltefjorden/Hauglandsosen nord for Våge. Frist for å gje uttale er 1. september 2016.
30.06.2016
Må redusere utslepp til Puddefjorden
Når Puddefjorden i 2017 har fått rein, ny sjøbotn, er det viktig at det ikkje vert tilført ny forureining. Utslepp frå verksemder i området er derfor kartlagt. Mange må gjere tiltak for å redusere forureining, og fleire kan vente tilsyn i tida framover.
06.05.2016
Tilskot til arbeid med marin forsøpling i Hordaland
Miljødirektoratet har delt ut 1.8 millionar kroner til prosjekt knytt til marin forsøpling i Hordaland.
28.04.2016
Utfylling i Sælevatnet
Statens vegvesen har søkt om løyve etter forureinignslova til fylling av sprengstein i samband med ny sykkelveg langs Bjørgeveien. Det skal også fyllast ut for å lage eit friområde. Frist for å gi uttale er 1. juni 2016.
28.04.2016
Endring av utsleppsløyve for avløpsvatn på Askøy
Søre Askøy tettstad fekk utsleppsløyve med unntak frå kravet om sekundærreinsing i 2011. Kommunen har no vetatt ny framdriftsplan, og ber om at utsleppsløyvet vert endra. Frist for uttale er onsdag 1. juni 2016.
26.04.2016
Rein ny sjøbotn i Puddefjorden
Fylkesmannen har gitt løyve til tre oppryddingstiltak i forureina sjøbotn i Puddefjorden. Mesteparten av tiltaka vil vere å dekke til forureina sjøbotn med reine overskotsmassar frå den nye tunnellen gjennom Ulriken. Arbeidet skal starte hausten 2016 og vil pågå ut 2017.
07.04.2016
Mange avvik i vaskeri- og reinseribransjen
Fylkesmannen kontrollerte hausten 2015 sju vaskeri og tre reinseri. Vi fann mange avvik ved handtering av farleg avfall og kjemikal, utsleppskontroll og internkontroll. Alle bedriftene er no godt i gang med å rette avvika.
12.01.2016
Skal sjekke forureining ved 90 verksemder
Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 90 tilsyn med forureining i 2016. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år vil levering av avfall og farleg avfall vere tema på alle tilsyn.
09.12.2015
Forsvarsbygg vil redusere spreing av miljøgifter i Nordrevågen
Forsvarsbygg søkjer om løyve etter forureiningslova for å gjere tiltak for å redusera spreiing av miljøgifter som i dag ligg i sedimenta i Nordrevågen, Laksevåg. Frist for uttale er 18. desember 2015.
09.11.2015
Tilsyn på Haakonsvern orlogsstasjon
Tilsyn med forureining på Haakonsvern orlogsstasjon viste at det ikkje var god nok samordning av internkontollen mellom verksemdene på basen, og at oppfølging av aktivitetar med risiko for forureining ikkje var god nok. Verksemda er i gang med å rette opp avvika.
08.09.2015
Søknad om nytt løyve til etterdrift av Rådalen avfallsdeponi
Bergen kommune søkjer om nytt løyve etter forureiningslova til etterdrift av avfallsdeponiet i Rådalen. Frist for uttale er 10. oktober 2015.
31.08.2015
Kontroll av vaskeri og renseri
I september skal Fylkesmannen delta i nasjonal kontrollaksjon med vaskeri og renseri. Vi vil sjekke bruk og lagring av kjemikal, lagring og levering av farleg avfall og om verksemdene har kontroll med utsleppa sine.
24.08.2015
Korleis bli miljøkommune – seminar for kommunane om avfall og massar
Fylkesmannen inviterer alle som arbeider med forureining, avfall og miljø i kommunane i Hordaland til seminar 13. oktober 2015 i Bergen. Her får du informasjon om reglane i forureningslova om handtering av avfall og massar, og erfaringar frå praksis i kommunane. Du finn foredraga frå seminaret her.
31.07.2015
Utslepp av kommunalt avløpsvatn i Fjell
Fylkesmannen har endra løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn og utslepp av overvatn frå avløpsanlegg i tettbygd område i delar av Fjell kommune.
30.07.2015
Varslar pålegg om opprydding i Jekteviken
Gassverkstomta i Jekteviken i Bergen kommune er sterkt forureina av mellom anna tjørestoff. I juni varsla Fylkesmannen pålegg til grunneigarane om å kartlegge forureininga i grunnen, og lage tiltaksplan for opprydding.
30.07.2015
Løyve til å arrangere NM i drifting
Norsk Motor Klubb Bergen har fått løyve til å arrangere NM i drifting på Eikås Motorsenter i Bergen kommune 8. og 9. august 2015. Det er sett ei rekkje vilkår, mellom anna krav til maksimal grense for støy og dokumentasjon av støy ved stevne.
27.07.2015
Kloakkens bybane
I ein kronikk i Bergens Tidende samanlika miljøvernsjef Kjell Kvingedal utbygginga av nye avløpsreinseanlegg og leidningsnett i Bergen kommune med løftet bygging av bybanen har gitt kollektivtrafikken. Han peika og på klimaeffekten av at kloakkslam blir til drivstoff for bussane i det nye biogassanlegget i Rådalen.
26.06.2015
For dårleg utgreiing av belastning frå støy
Fylkesmannen meiner Bergen kommune må vurdere på ny om det er nødvendig med helsekonsekvensutgreiing av Krohnegården skytebane.
26.06.2015
Vil dekke forureina sjøbotn i Puddefjorden
Bergen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til å mudre og dekke til forureina sediment i indre Puddefjord. Arbeidet vil skje frå sommaren 2016 til sommaren 2017. Frist for uttale er 1. september 2015.
10.06.2015
Søknad om utslepp frå bygging av fjellanlegg i Os kommune
Os kommune søkjer om utslepp av drivevatn frå bygging av tunnelar og fjellhall til nytt avløpsreinseanlegg. Anleggsstart er hausten 2015.
10.06.2015
Skipsverfta har retta dei fleste avvika
Hausten 2014 gjennomførte Fylkesmannen tilsyn med forureining på ni skipsverft. Det ser ut til at tilsyna har hatt god effekt, og at skipsverfta i fylket har arbeidd godt. Alle som hadde tilsyn har gitt tilbakemelding, og dei fleste avvika er no retta opp.
07.05.2015
Søkjer om løyve til NM i drifting på Eikås
Norsk Motor Klubb, Bergen søkjer om løyve etter forureiningslova til å arrangere NM i drifting på Eikås Motorsenter 8-9. august 2015.
07.05.2015
Søkjer om utslepp frå bygging av kraftverkstunell i Modalen
Nottveit Energi AS søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp av vatn frå bygging av tunell. Tunellen er del av eit nytt kraftverk i Nottveitelva.
06.05.2015
Kontroll av biloppsamlingsplassar
I mai gjennomfører Fylkesmannen kontroll av alle biloppsamlingsplassar i fylket. Kontrollane er del av ein landsomfattende aksjon. Målet er at miljøsanering og lagring av bilvrak skal føre til mindre forureining.
23.04.2015
Tilsyn for å redusere forureining
Fylkesmannen skal gjennomføre om lag 90 tilsyn med forureining i 2015. Tema i dei fleste aksjonane vil vere handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll.
27.03.2015
Laksepakkeri på Storebø søkjer om auka utslepp
Austevoll Laksepakkeri AS og Pelagia AS søkjer om utviding av gjeldande utsleppsløyve for slakting og foredling av fisk på Storebø i Austevoll. Frist for uttale til søknaden er 8. mai 2015.
13.03.2015
Søkjer om utslepp av baneavisingsvæske på Haakonsvern
I samband med bygging av ny helikopterplass på Haakonsvern, søkjer Haakonsvern orlogsstasjon om å sleppa ut restar etter baneavising.
26.01.2015
Søkjer om utslepp frå Risnes vassverk til Risnesbekken
Bergen kommune skal oppgradere Risnes vassverk på Skyggestranda, og søkjer derfor om utsleppsløyve for prosessvatn til Risnesbekken.
17.12.2014
Kommunane er ikkje i mål på avløpssektoren
Kommunane har ein stor jobb å gjere på avløpssektoren. Dette er konklusjonen etter tilsyn av åtte kommunar med avløpsreinseanlegg i dei store tettstadene i fylket.
15.12.2014
Skipsverfta måler ikkje miljøgifter
Kontroll av skipsverft i haust viser at ingen verft hadde oversikt over kva dei slepp ut i sjøen. Dei fleste hadde også manglar ved handtering av farleg avfall og internkontroll. Verfta har frist til februar 2015 til å rette opp feil og manglar.
10.12.2014
Strenge vilkår skal gi mindre lukt
Hordafor AS har fått utvida løyve til mottak av ensilert fiskeavfall for produksjon av fôr for to år. Vi har tatt hensyn til endra arealbruk i området og til nærmiljøet ved å skjerpe vilkåra for utslepp til luft og vatn.
25.11.2014
Urovekkande auke i bruk av koparimpregnering
Siste året har vi fått rappportar om auka bruk av kopar på oppdrettsanlegga, og Fylkesmannen har no for første gong gitt ein oppdrettar pålegg om å måle koparforureining under anlegget.
10.10.2014
Kontroll av skipsverft
I oktober skal Fylkesmannen delta i ein landsomfattande kontrollaksjon for å sjekke om skipsverfta følgjer miljøregelverket.
17.06.2014
Vil sprenge og dumpe masse i sjø ved Færøyfluene på Askøy
Kystverket søkjer om løyve til utdjuping av farleden og dumping av utsprengd stein ved Færøyfluene i Askøy kommune. Tiltaket vil gi sikrare farled inn mot Bergen havn. Frist for uttale er 4. august 2014.
28.05.2014
Søknad om utfylling i sjø på Haakonsvern
Forsvarsbygg søkjer om utfylling av reine steinmassar ved eksisterande fylling i Skværvika på Haakonsvern orlogsstasjon. Sjøbotnen er forureina av TBT, og søkjar vil nytte siltgardin for å redusere spreiing.
27.05.2014
Har kommunen kontroll med utslepp av avløpsvatn?
Det skal Fylkesmannen få svar på etter ein tilsynsaksjon med dei store kommunale avløpsanlegga. Aksjonen vert gjennomført i desse dagar.
07.05.2014
Søkjer om utslepp av tunnelvatn og dumping av stein i Ringedalsvatnet
Statskraft Energi AS søkjer om mellombels utslepp av prosessvatn frå sprenging av tunnelar og bergrom ved Ringedalen kraftverk i Odda kommune. Søknaden omfattar også dumping av om lag 70 000 m3 steinmassar i Ringedalsvatnet.
09.04.2014
Kan dekke forureina sjøbotn med tunnelstein frå Ulriken
Fylkesmannen har gitt løyve til å dekke forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvatn med stein frå ny jernbanetunnel gjennom Ulriken. Strenge miljøkrav skal redusere forureining i anleggsperioden. Tildekkinga vil hindre spreiing av miljøgifter og betre miljøtilstanden.
14.03.2014
Får grave på Gassverkstomta
I samband med bygging av ny terminal har Bossnett AS fått løyve til å grave i forureina grunn på Gassverkstomta i Bergen. Arbeidet skal gjennomførast i tråd med tiltaksplan, og alle forureina massar i byggeområdet skal fjernast og transporterast vekk sjøvegen.
10.03.2014
Søkjer unntak frå reinsekrav
Fjell kommune har søkt om å sleppe ut kommunalt avløpsvatn frå tettbygde område på Litle Sotra, Bildøyna, Kolltveit - Morlandstø. Kravet i forskrifta er sekundærreinsing, men kommunen søkjer om primærreinsing som er mindre omfattande.