Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Prosjekt - Vosso

Vosso

Vossolaksen er kjend som ei av verdas mest storvaksne laksestammer og er ein unik ressurs både i nasjonal og i internasjonal samanheng. Det er no starta opp ein redningsaksjon for å få storlaksen tilbake. Utgangspunktet er undersøkingar og auka kunnskap om bestanden. Målet er å sette i verk tiltak slik at Vossovassdraget igjen kan ha ein livskraftig, sjølvreproduserande og haustbar bestand av verdas kanskje største Atlantiske laks – Vossolaksen!

Gyting og utsetting av rogn i Vosso
 
Rik fangstkultur

Tidlegare vandra det årleg inn over tusen storvaksne laksar med ei gjennomsnittleg vekt på ca 10 kg. Dette gav grunnlag for ein rik fangstkultur basert både på notfiske i dei indre fjordane, og på stongfiske i Vossovassdraget.

På slutten av 80-talet var det ein dramatisk nedgong i elvefangstane. Det dårlege fisket heldt fram over fleire år.

På grunn av den uheldige utviklinga vart laksen freda i 1992, men bestanden tok seg ikkje opp att. Dei fleste villaksane som finst i vassdraget no stammar frå genbanken. Eit eige Vossoprosjekt vart sett i verk etter freding for å identifisere truslar og tiltak. Gjennom prosjektet har mange ulike forskingsmiljø arbeidd for å dokumentere tilhøva for Vossolaksen. Resultata har gjeve grunnlag for ein tiårig redningsaksjon 2010-2020.

Ekte Vossolaks i genbank

Som ein følgje av kollapsen vart den opphavlege Vossolaksen teken vare på i nasjonal genbank. Forvaltinga har sett inn tiltak for å auke produksjonen av rogn herifrå dei komande år. Dette er grunnlaget for redningsaksjonen som er basert på tre hovudtiltak:

  • Storstilt kultivering med bruk av rogn, yngel og smolt
  • Sette i verk tiltak mot kjente truslar
  • Vidare forsking for å avdekke eventuelle ukjende truslar

Vossolaksen vil gå tapt dersom tiltak ikkje vert sett i verk

Vi står i fare for å mista ei laksestamme som er unik i verda, og som er tilpassa det største vassdraget på Vestlandet. Vossolaksen har historisk sett hatt stor kulturell og økonomisk verdi, og har potensiale til igjen å bli ein verdifull ressurs for lokalsamfunn, friluftsinteresser og reiseliv.

Lakselus og rømt oppdrettslaks er dei største kjende truslane

Undersøkingar har peika på lakselus og rømt oppdrettslaks som dei to viktigaste, kjende truslane. Desse må ned på berekraftig nivå dersom ein skal redde Vossolaksen.

Laks Vosso

Tal på villaks og oppdrettslaks fanga under overvakingsfisket ved Stamnes og Bolstadfjorden i perioden 2000-2010. Oppdrettslaks har i mange år vore dominerande. Innslaget av villaks auka markant i 2010 som følgje av auka utsettingar av kultivert fisk.

Lakselusa er ein marin parasitt som lever av slim, skinn og blod. Lusa finst naturleg på villlaksen, men talet på lus har auka som følgje av at det er mykje oppdrettslaks som lusa kan leve på. Når det vert tett nok med lus i vatnet, fører det til at den ville laksen veks dårelgare. Det fører og til at fleire laks døyr. 

Oppdrettsnæringa har dei seinare år hatt fokus på synkron og betre avlusing. Resultat frå forsøk med merking av Vossosmolt tyder på at dette har hatt effekt. Likevel blir det observert mykje lakselus på sjøaure i utvandringsruta, noko som viser at ein framleis må ha sterkt fokus på dette problemet. 

Rømt oppdrettslaks som gyt i elva er eit problem fordi han medverkar til å endre og forringe den genetiske samansetnaden i villfiskstamma. Innslaget av rømt fisk i Vosso har vore for høgt heilt sidan Vossolaksen nesten forsvann på slutten av 80-talet. Dette er ein viktig grunn til at ein har måtta ta vare på Vossolaksen i genbank. For å løyse dette problemet må ein sørge for å redusere omfanget av rømming. I tillegg må ein hindre rømt oppdrettslaks i å vandre opp i vassdraget, og fjerne rømlingar frå elva før gyting.

Mange er med på storstilt redningsaksjon

Målet med den planlagde redningsaksjonen er å sikre at Vossovassdraget igjen kan ha ein livskraftig, sjølvreproduserande og haustbar bestand av verdas kanskje største Atlantiske laks – Vossolaksen.

Felles innsats og samarbeid

Fylkesmannen i Hordaland er initiativtakar for redningsaksjonen i samarbeid med Direktoratet for naturforvalting og Voss kommune. Arbeidet er basert på eit breidt samarbeid mellom forvalting, forsking, næringsaktørar, og lokale interessentar.

Strategien bak redningsaksjonen er å gjere eit felles løft. Fram til i dag har staten ved Direktoratet for naturforvalting finansiert det meste av arbeidet som er gjennomført for å redde Vossolaksen. I det vidare arbeidet vil engasjement frå næringsaktørar bli særs viktig. Vassdragsregulanten BKK er den største private bidragsytaren. Dei stiller bl.a. med pengar til drift av Voss klekkeri, som styrer kultiveringsarbeidet og difor har ei nøkkelrolle i redningsaksjonen. Ei rekke oppdrettsselskap, i hovudsak med anlegg i utvandringsruta for Vossolaksen, har teke initiativ til Vossolauget. Her er òg Voss klekkeri, Voss og Vaksdal kommune, Fylkeskommunen og fleire private bidragsytarar med.

Storstilt kultivering

Utplanting av rogn og utsetting av yngel i vassdraget vil auke dei komande år. Her vil heile lakseførande del, samt fleire km ovanfor, bli teken i bruk. Dette vil redusere andel avkom frå rømt oppdrettslaks, og sikre god produksjon av yngel og smolt i elva. Det er Voss klekkeri som står for dette arbeidet og som tek imot rogn frå genbanken. Tilsette ved klekkeriet utfører det meste av arbeidet, og får verdifull hjelp frå friviljuge lokalt.

Fordeling av fangster mellom villfisk, settefisk og settesmolt i overvakingsfisket utafor vassdraget i perioden 2000-2010. Settefisken har hatt varierande/låg overleving i sjø, medan settesmolten har klart seg betre.

Meir smolt

Delar av rognmaterialet vil bli nytta i større smoltutsettingar. Voss klekkeri vil halde fram med å produsere smolt i kar. I tillegg vil klekkeriet samarbeide med Vossolauget i ein femårsperiode (2009-2013) for å produsere 100-150 000 Vossosmolt årleg i merdanlegg i Evangervatnet. Smolten vil bli medisinert mot lakselus og slept ut fjordane i tank før dei blir sleppt fri utanfor Radfjorden ved Toska. Bakgrunnen for dette tiltaket er forsking i Vossoprosjektet som har peika på at denne type slep vil være eit egna tiltak for å auke antal gytelaks i Vosso. Smolt frå Voss klekkeri og frå Evanger inngår òg i merkeforsøk for å talfeste overleving ulike stader i utvandringsruta.

For å lukkast

Det er sannsynleg at kultiveringsinnsatsen vil gje auka gytebestand og auka naturleg rekruttering i Vosso. Parallelt må ein setje i verk tiltak som bidreg til betre overleving i sjø, slik at Vossolaksen igjen kan gjennomføre naturleg livssyklus. Her må involverte partar ta ansvar. Berre slik kan redningsaksjonen lukkast.

Overvaking og tiltak lista opp under er sett i verk og vert drive av prosjektet. Tiltaka blir evaluert av forskarar undervegs. 

Ferskvatn

  • Utsett av rogn og yngel
  • Utsett av merka smolt for å registrere overleving
  • Overvake vasskvalitet
  • Overvake smoltkvalitet
  • Overvake tidspunkt for smoltutvandring kvart år
  • Registrere gytebestand 
  • Fjerne rømt oppdrettslaks

Brakkvatn/indre fjordområde

  • Utsett av merka smolt for å registrere overleving i fjord og hav
  • Overvake påslag av aluminium
  • Registrere innvandrande laks
  • Fjerne rømt oppdrettslaks og regnbogeaure

Sjøvatn/ytre fjordområde

  • Utsett av merka smolt for å registrere overleving i hav
  • Registrere påslag av lakselus på utvandrande lakse- og sjøauresmolt
  • Kartlegge utvandringsruta til laksesmolt

Sjå film av ein stor hannlaks teken i kilenot i samband med forsøk i Vossoprosjektet

Redningsaksjonen er breitt samansett og gjenspeiler laksen sin kompliserte livssyklus med bruk av elv, fjord og sjø.