Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Reetablering av laks i Modalsvassdraget

I Modalsvassdraget vert det no jobba for å få attende laksen til vassdraget. Dette skjer gjennom kalking, rognplanting og slep av smolt.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 02.06.2015

Banner. Foto Uni Miljø v/Bjørn Barlaup

Laksevassdraget i Modalen

Ein gong var det ein eigen laksebestand i Modalsvassdraget. Denne gjekk tapt på 1970-talet som følgje av forsuring. I 2014 starta arbeidet med å få tilbake laksen i vassdraget, då 110 000 rogn av Vossolaks vart planta ut. Vossolaksen vert brukt som «donor» for Modalsvassdraget, sidan Modalslaksen aldri rakk å verte lagt inn i genbank. Årets planting vart gjennomført i april, og rognplantinga vil halde fram i åra som kjem. I tillegg til rognplanting, planlegg vi årlege slep av smolt frå Modalen, første gong i 2016. Smolten som skal slepast vert produsert på Voss klekkeri.

Dei første Vossingane i Modalsvassdraget. Ein lakseyngel frå 2014 plantinga. Foto: Bjørnar Skår, LFI Uni Research Miljø
Dei første Vossingane i Modalsvassdraget. Ein lakseyngel frå 2014 plantinga.
Foto: Bjørnar Skår, LFI Uni Research Miljø

Kalking

Vasskvaliteten i Modalsvassdraget er i dag ikkje god nok til at ein laksebestand kan etablere seg utan hjelp. Det er framleis for surt for laks i vassdraget. Vassdraget skal kalkast, og arbeidet med å få dette på plass er i gang. Det nye kalkdoseraranlegget i Modalsvassdraget vert liggande på Espeneset. Målsettinga er å ha anlegget klart til smoltslep i 2016.