Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Sitkagran - verdfull ressurs på rett stad!

Fylkesmannen i Hordaland har utarbeidd ei brosjyre om treslaget sitkagran. Treslaget tek mykje spalteplass i media, der skognæringa skryt av sitkagrana medan miljøverninteressene er sterkt kritiske.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.10.2013

Sitkagran har si naturlege utbreiding i Nord-Amerika og vart innført til Europa på 1830-talet. I Noreg er treslaget mest nytta i ytre strok langs kysten i samband med skogreisingsplanane frå 50-talet. I Hordaland utgjer sitkagran om lag 10 % av granarealet, som igjen utgjer 18 % av fylkesarealet. Lokale bestandar finst særleg ved kysten, men treslaget er altså relativt lite utbreidd i fylket - i motsetnad til debatten.

Brosjyra er eit fagleg bidrag om treslaget for skogproduksjon, samstundes som negative verknader og ønskjelege avgrensingar vert omtala.