Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Skogbruk

Statsforvaltarens oppgåver innanfor skogbruk er knytte til den langsiktige forvaltninga av skog som ressurs for lønnsam næringsverksemd. I samarbeid med andre aktørar er Statsforvaltaren er også engasjert i arbeidet for større verdiskaping basert på trevirke som råstoff.

Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi. Det er også eit viktig mål å medverke til at vi har ein infrastruktur som kan sikre ein effektiv og lønnsam hogst, samtidig som næringa tek omsyn til miljøet.

Statsforvaltaren gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.

Vis meir

Skogbruk Tilskot SkogfondProsjektSkogsveg

Regelverk

 

Generelt om skogbruket i Hordaland

Skogbruket i Hordaland har ei stor utfordring i høve struktur og storleik på eigedomane. Fylket har mange små skogeigedomar med krevjande driftstilhøve. I mange område manglar framleis skogsvegar, som kan vere med å sikre positivt driftsresultat for skogeigarane.

Hogst av skogen i fylket har tradisjonelt auka kvart einaste år. I 2015 vart det hogd 230 888 m3, medan det i 2014 vart hogd 181 964 m3. Ein forventa auke i volum frå året før på grunn av opprydding etter ekstremværet Nina. Hogst av plantefelt med gran utgjer 93 % av volumet. Der vart planta om lag 2642 dekar (724 090 planter inklusive suppleringsplanter) i 2015. I 2014 vart omfanget 1950 dekar. Der vart reelt planta meir enn statistikken syner, men dette vert registrert fyrst i 2016.

.


Publisert 07.12.2018

Skogeigarsamarbeid og meir variasjon i granskogen

Prosjektet "Motiv skog" i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland arrangerte i november 2018 ein skogfagleg studietur til Thüringen. Her har skogforvaltninga konkludert med at eit vind- og barkebilleutsett skogbruk må endrast radikalt.


Publisert 02.02.2018

Kurs i MiS-kartlegging med NiN.

Kurs i MiS-kartlegging med NiN. Kurset er for prosjektplanleggere, rådgivere og sertifikatholdere.


Publisert 17.11.2017

Fagartikkel og informasjon

På denne sida finn du ulike fagartikkel om skogbruk og bruk av tre.


Publisert 15.08.2017

Retningsliner for tilskot til skogsvegbygging og drift med taubane, hest o.a. i Hordaland for 2017

Retningsliner er utarbeidd av Fylkesmannen i samarbeid med kommunane og næringa, representert ved Vestskog BA og Nortømmer AS. Retningslinene byggjer elles på ”Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket”.


Publisert 20.12.2016

Tilskot til utsiktsrydding

Tilskot til utsiktsrydding vart innført sommaren 2016. Hordaland fekk tildelt 5 millionar kroner og arbeidet er i gong. Til saman ti ryddeprosjekt i fylket har fått midlar. Fleire millionar er tilgjengelege, difor ønskjer vi fleire gode prosjekt.