Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Økologisk landbruk

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren har som oppdrag å vidareutvikle økologisk jordbruk som ein del av landbruket i fylket. Oppdraget er forankra i Nasjonal strategi for økologisk landbruk. Strategien har som mål å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i marknaden.

Frå 2020 har fylkeskommunen overtatt ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til regionale tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan tildelast kommunar, organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Einingsregisteret. Føretak registrert i Einingsregisteret kan også søkje dersom tiltaket har som mål å fremje fellesgode knytt til næringsutvikling.

Vis meir


Publisert 12.12.2018

Høydepunkt fra prosjektet Foregangsfylke økologisk frukt og bær

Foregangsfylkeprosjektet for frukt og bær så økoøkningen gå og komme i prosjektperioden 2010-18. Prosjektlederen Frøydis Lindén har fått mer is i magen når det gjelder svingninger i marked og produksjon. Hun er fortsatt optimist på det økologiske landbruket sine vegne, men noen erfaringer rikere. 


Publisert 15.09.2015

Velkommen til opninga av ØKOVEKA 2015 i Bergen!

ØKOVEKA er en feiring av norsk økologisk mat som formidlar både råvarer, kunnskap og inspiras­jon.


Publisert 03.03.2015

Tilskot til økologisk

Den nasjonale handlingsplanen for landbruk har mål om 15% økologisk matproduksjon og forbruk i 2020. For at vi i Hordaland kan nå dette målet, støtter Fylkesmannen utviklingstiltak innanfor primærproduksjon, foredling, informasjonsarbeid, kompetanse og marknadsfremjande tiltak. 


Publisert 05.12.2014

Bama Torgfrisk vil ha meir økologisk frukt og bær !

Etterspurnaden etter økologiske matvarer aukar raskt, og det tek Bama og Norgesgruppen på alvor. Dei vil vere med på å stette den aukande etterspurnaden, og det med lokalprodusert økologisk frukt og bær.


Publisert 24.10.2014

Kurs i innkjøp av økologisk mat vert avlyst!

Kurset som opphavelig var satt opp 6. november hjå Fylkesmannen i Hordaland, Statens Hus, Kaigaten 9, Bergen, vil verta arrangert på eit seinare tidspunkt i 2015.

Dersom du vil vite meir i samband med innkjøp av økologisk mat, så kan du ta kontakt med:

Nofima og ØQ. Nofima har det praktiske ansvaret v/seniorrådgjevar Ida Synnøve Grini. Spørsmål rettast til: Ida.Synnove.grini@nofima.no, mobil: 900 98 475 eller gunhild.akervold.dalen@nofima.no, mobil: 924 27 290 


Publisert 06.10.2014

Nær firedobla volum av økologiske eple i Hardanger

Det varme veret gjorte at frukta mogna rekordtidleg i år og er av god kvalitet. Epla er i hus og pakking og sortering går for fullt ved Hardanger Fjordfrukt. Totalt sett teiknar 2014 til å bli eit godt fruktår over heile landet.


Publisert 07.05.2014

Føregangsfylker for økologisk frukt og bær fra 2014-17

Satsingen på Føregangsfylkene for å øke økologisk produksjon ble styrket i 2014, med sikte på en ny 4-årsperiode med aktiviteter for å styrke produksjon og omsetning av økologiske landbruksvarer i hele landet. 15%-målet innen 2020 ligger fast og i årets jordbruksforhandlinger ligger satsingen på Foregangsfylkene fast i statens tilbud.

 

Styringsgruppa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær


Publisert 30.04.2014

Europeisk marknadsarbeid innan økologisk fruktproduksjon

Styringsgruppa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær hjå Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane, reiste i november 2013 på studietur til Sveits, Nord-Italia og Austerrike. Dette er alle land og regionar som har lukkast med produksjon og omsetting av økologisk frukt og bær. Målet med studieturen var å lære meir om marknadsarbeid innan økologisk frukt og bær i dei tre landa. I kvart land undersøkte me korleis marknadssituasjonen innan økologisk frukt og bær var og korleis var marknadsarbeidet organisert.

 

Deltakarane på studietur til Europa: Frå venstre: Torbjørn Takle, Åse Vaag, Jan Ove Nes, Øyvind Dagestad, Lars J. Naa, Jon Asbjørn Målsnes, Christian Zurbuchen


Publisert 25.02.2014

Stønad til utvikling av økologisk matprodukjson

Midlar til oppfylging av regional handlingsplan for økologisk landbruk er frå 2014 slege inn under BU-ordninga.

 


Publisert 07.10.2013

Restaurant «Hanne på Høyden» er blitt Debio økosertifisert med bronsemerke

Torsdag 3. oktober har Hanne på Høyden fått lov til å reklamere for det økologiske matutvalet på menyen sin. Minst 15% av omsetninga må kunne dokumenterast ved sal av økologisk sertifiserte varer som gjesten skal kunne velja av på menyen til ein kvar tid.