Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Sterk satsing på lokale parkar

Logo landskapspark

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) gir utviklingsmidlar til fleire lokalparkprosjekt rundt i landet. Dette styrker det lokale engasjementet i bygdene og mogleggjer lokal reiselivsbranding.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.10.2013 av Administrator

I 2013 vart det løyvd 9,5 mill kr over Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar. 2,25 mill, eller 26% av løyvingane gjekk til lokale parkar (landskapsparkar). Dette er eit viktig signal for liknande prosjekt rundt i landet. Lokale landskapsparkar får herved ei "sentral godkjenning" for bygdestyrt organisering og prosesstyring. "Meir makt til lokalsamfunna" krev regjeringa si samarbeidserklæring. Lokalinitierte landskapsparkar der nærings- og forvaltingsinteresser vert vega for og imot, der samarbeid, entusiasme og satsingsvilje råder, kan være eit svar på denne målsettinga.

Lokale landskapsparkar starta som eit pilotprosjekt i Hordaland i 2006. Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Noreg tok initativ til eit regionalt program for lokale utviklingssonar basert på landskapsverdiar over fleire år. Etter invitasjonsrunden vart seks parkar med i arbeidet, og desse vart seinare supplert med to til. I 2011 vart prosjektet avslutta og parkane i Hordaland fortsette prosessane på eigenhand. I 2012 vart Norske Parkar etablert som paraplyorganisasjon for regionale og lokale parkar. 

KRD sitt verdiskapingsprogram har no sørga for at lokale parkar er under utvikling i fleire fylke. I 2013 fekk Tjøtta-Alstahaug Landskapspark og Okstindan Natur- og kulturpark i Nordland og Kystparken i Sollund i Sogn tildelt prosjektmidlar, i tillegg til Åkrafjorden og Stalheim Landskapsparkar i Hordaland. Les meir om programmet på KRD sine nettsider.

Kontaktpersonar

Aktuelt

Norske Parker:
En dynamisk, langsiktig og forpliktende samarbeidsplattform for lokalsamfunn, myndigheter og næringsliv med en interesse for å ivareta og videreutvikle natur- og kulturverdier i et definert landskaps- og identitetsområde.