Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Næringsutvikling

Statsforvaltaren skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Statsforvaltaren skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. 

Statsforvaltaren har ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for regionalt næringsprogram og forvaltning av midlar til regional tilrettelegging, kystskogbruket og rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.

Vis meir

Utviklinga av lokalsamfunn og bygdenæringar (tilleggsnæringar) er hjå Fylkesmannen i Hordaland samla i ein eigen Utviklingsseksjon på Landbruksavdelinga, herunder landbruksrelatert næringsutvikling innan mat, reiseliv, Inn på tunet (grøn omsorg) og treforedling/bygg. Utviklingsseksjonen handssamar også søknadar om UTM (før BU-midlar), etter føringar i Regional næringsprogram for landbruket i Hordaland 2013-17.

Næringsutvikling innan tradisjonelt landbruk ligg til næringsseksjonen under Husdyr og Jordbruk.


Publisert 11.10.2013 av Administrator

Treklang - høgskular satsar på tre

Treklang er eit samarbeid mellom kompetanseinstitusjonar i Bergen som ønskjer å spissa sin kompetanse på tre. I november blir det nye trestunt å sjå i Bergen.


Publisert 18.09.2013 av Administrator

Grønt arbeid i Bergensregionen

I heile Noreg finst det totalt 47 Grønt arbeid tilbod. Både den Nasjonale handlingsplanen for Inn på tunet (2013-17) og Oppfølgingsplan for arbeid og psykisk helse (2013-16) viser ei målretta satsing på Grønt arbeid. Koordinatorane for arbeid og psykisk helse i NAV Hordaland, inviterte den 10. september til fagseminar om Grønt arbeid på Ulveseth-Tunet i Fjell kommune.


Publisert 10.07.2013 av Administrator

Kurs og konferansar hausten 2013

Hausten byr på fleire spennande tilbod for deg som kjøpar eller tilbydar av Inn på tunet tenester. Det er varsla datoar for samlingar i Fagforum Inn på tunet i Hordaland, og kurs for tilbydarar på Høgskolen i Molde og erfaringskonferanse hjå Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.


Publisert 23.04.2013 av Administrator

Investeringsvilje i Hordalandslandbruket

Landbruket i Hordaland viser ingen teikn til svekka investeringsvilje og satsar tungt på kjerneproduksjonane. Men interessa for bygdenæringar, som har vore så sterk i Hordaland, var på eit lavmål i 2012.


Publisert 10.04.2013 av Administrator

Regionalt bygdeutviklingsprogram

Regionalt bygdeutviklingsprogram vert revidert i år. 


Publisert 07.01.2013

Landbrukskonferansen for Hordaland 2013

Fylkesmannen si landbruksavdeling ønskjer velkomen til spennande diskusjonar kring landbrukspolitikk generelt og Hordalandslandbruket spesielt på den årlege fylkeskonferansen som i år vert arrangert på Solstrand Hotel 26.-27. februar


Publisert 12.12.2012

Bergsdalstunet tildelt bygdeutviklingspris


Publisert 05.12.2012

No e’ da min tur III – ei framtid på bygda og i landbruket

Når vestlandsungdom er samla på storkonferanse i Hardanger for å diskutere eiga framtid, vert det engasjement, glede og håp i salen.


Publisert 19.11.2012

Tre og bygg

Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Noreg har oppretta prosjektet "Tresatsinga i Hordaland"  (2012-2014).  Kompetansebygging og nettverksbygging er prioriterte oppgåver, men prosjektet er og knytt opp mot konkrete byggeprosjekt og produktutviklingar.


Publisert 19.11.2012

Lokalsamfunn