Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Næringsutvikling

Statsforvaltaren skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Statsforvaltaren skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. 

Statsforvaltaren har ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for regionalt næringsprogram og forvaltning av midlar til regional tilrettelegging, kystskogbruket og rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.

Vis meir

Utviklinga av lokalsamfunn og bygdenæringar (tilleggsnæringar) er hjå Fylkesmannen i Hordaland samla i ein eigen Utviklingsseksjon på Landbruksavdelinga, herunder landbruksrelatert næringsutvikling innan mat, reiseliv, Inn på tunet (grøn omsorg) og treforedling/bygg. Utviklingsseksjonen handssamar også søknadar om UTM (før BU-midlar), etter føringar i Regional næringsprogram for landbruket i Hordaland 2013-17.

Næringsutvikling innan tradisjonelt landbruk ligg til næringsseksjonen under Husdyr og Jordbruk.


Publisert 20.02.2018 av Administrator

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar for landbruket 2018 - søknadsfrist 15.april

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane (UTM) skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, herunder økologisk, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar, som matforedling, reiseliv og Inn på Tunet (IPT).


Publisert 17.11.2017

Sau og geit – Vestlandets utvalde smaksbærarar

Fadderprosjektet i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving Vest og Colonialen inviterer til presentasjon av norske saue- og greiterasar og ikkje minst erfaringsutveksling og smaksprøvar av ulike kjøtprodukt.


Publisert 17.11.2017

Frukt- og siderruta vant bygdeutviklingsprisen

Eigarane av Frukt- og siderruta er nabogardane Syse, Hakestad og Lekve i Ulvik. Dei samarbeider om marknadsføring, kompetansebygging og reiselivsprodukt, og det er dette juryen ville premiere.


Publisert 21.09.2017

BEIT – ein optimistisk konferanse om teknologi og landbruk

Noreg er eit digitalt land. Landbruket er i endring. Matproduksjonen må bli smart og berekraftig. Noko må gjerast annleis i framtida. Netlife Research ønskjer nysgjerrige landbrukarar, gründerar, forskarar og byråkratar velkomne til å utforske moglegheiter rundt 3 spørsmål.


Publisert 06.09.2017

Næringssamling tradisjonelt landbruk 2017

FMLA og IN inviterer til årviss næringssamling om tradisjonelt landbruk i Øystese 25. oktober. Påmeldingsfrist 20. oktober!


Publisert 28.08.2017

Ny film frå Vikebygd landskapspark

Mykje bra kan skje når næringsutvikling og lokalsamfunnsutvikling går hand i hand.


Publisert 19.04.2017

Kort veg til gode hjelparar

Fylkesmannen i Hordaland har i år gitt ut handboka "Kort veg til gode hjelparar". Handboka gjev basiskunnskap om korleis vegleiaren kan ta imot gründeren på ein god og imøtekomande måte, og korleis ein kan gje god hjelp, anten direkte eller gjennom eit godt nettverk.


Publisert 19.10.2016

Fagkurs i samfunnsentreprenørskap

Kommunar og lokalsamfunn som arbeider aktivt med lokal utvikling lukkast ofte betre både med å utvikla næring og å få fleire innbyggarar. Høgskulekurset Samfunnsentreprenørskap gjev auka kompetanse innan effektivt, lokalt utviklingsarbeid.


Publisert 17.10.2016

Besøk frå EU i Hardanger

Ei gruppe bygde- og næringsutviklarar frå Ungarn, Italia, Tyskland og Noreg besøkte sist veke Sørfjorden i Hardanger, gjennom Erasmus+ - prosjektet MADIE.


Publisert 17.10.2016

Næringssamling tradisjonelt landbruk 2016

FMLA og IN inviterer til årviss næringssamling om tradisjonelt landbruk på Fitjar 25. oktober. Søknadsfrist 20. oktober!