Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Miljøtiltak

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Statsforvaltaren skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir

 


Publisert 22.08.2018

Pass på landbruksplasten

Fylkesmannen i Nordland publiserte denne saka i juni. Me deler!


Publisert 14.06.2018

Nytt tilskot til stølsdrift

I år kjem det eit nytt tilskot til stølsdrift meir enn 6 veker. Tilskotet er på 50 000 kroner pr føretak.


Publisert 12.06.2018

No kan fleire få tilskot for bratt areal

I år vert vilkåra for å få tilskot til bratt areal endra, slik at fleire kan få tilskotet. I tillegg kan dei med mykje bratt areal kan få utbetalt meir tilskot enn tidlegare.


Publisert 17.04.2018

Kandidatar til Anton Mindes Ærespris

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap ber om forslag til kandidatar til «Fabrikkeier Anton Mindes Ærespris for framifrå gardsdrift»


Publisert 08.08.2017

Fristen for miljøvennleg gjødselspreiing er utsett til 24. august

Mykje nedbør i juni og juli, og sein slått gjer at Fylkesmannen i Hordaland utsett fristen for miljøvennleg gjødselspreiing i to veker, frå 10. august til 24. august 2017. Dette gjeld også bruk av husdyrgjødsel langs vassdrag med elvemusling.


Publisert 05.07.2017

Miljøavtale elvemusling 2017

Miljøavtale elvemusling kan enkelt fornyast med kommunen for vekstsesongen 2017 og 2018 for føretak som har avtalar som gjekk ut ved årsskiftet.