Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Rekordtidleg hausting av eple

Fruktbøndene i Hardanger kan ikkje hugse sist dei kunne starte plukkinga av eplesorten Summerred i slutten av august. Innhaustinga av frukt i Hardanger har denne sesongen starta 2-3 veker tidlegare enn normalt. Og det er mykje frukt med god kvalitet på greinene i år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.09.2014

God kvalitet
Den gode sumaren gjorde at kvaliteten på alle fruktslag har toppa kvalitetsbarometeret i år. Lite sprekking og råtning av både moreller og plommer har syte for at omlag 80-90 % av morellene og plommene gjekk for sal til konsum gjennom Hardanger Fjordfrukt.

God avling
Mengden av moreller som gjekk gjennom det same fruktlageret, auka med 35% i høve til 2013. Dei siste teljingane frå Hardanger Fjordfrukt tyder på at det har vorte pakka over 185 tonn moreller - og då er ikkje omsetjinga frå dei to andre fruktlagera telt med. Plommesesongen er på hell og eplehausten har så vidt starta, men for begge fruktslaga ser det ut til å bli meir enn i 2013.

Dramatisk sommar
At ein i år skulle få så god morellavling, var det få som hadde håpa på då fallvindane i Sørfjorden herja i sommar. Kraftige vindar blåste av mange plasttak over morellplantingane i løpet av to julinetter. Dette skjedde rett før innhaustinga skulle starte.

Lite tid til tynnning
Fruktdyrkar og rådgjevar Jan Ove Nes fekk ikkje tid til å tynne i eplesorten Discovery, då alle arbeidslag måtte trå til å få tak over morellene igjen. Det er ein av grunnane til at nokre dyrkarar kjem til å levera meir små-eple i fruktkassane sine i haust. Nokre plantingar fekk sjølvsagt også litt lite vatn gjennom den varme sommaren, som óg kan ha gitt noko småfallen frukt.

Unormal pollinering
At ein skulle få ein god plommehaust, var det få som trudde i vår. Det var fine forhold under blomstinga, men to netter med frost tidleg i blomstringsmånaden mai, skada nok ein del plommeblomar. I tillegg var det svak bløming på Opal, som er ein viktig pollensort til nesten alle andre plommesortar – dette gjekk særleg ut over Mallard. Det har likevel vorte overaskande bra mengder av plommer, men variasjonen er stor frå gard til gard.

Fylkesmannen kan kanskje vente nokre erstatningssaker grunna avlingssvikt, frå produsentar som har spesialisert seg på rein plommeproduksjon. Men god kvalitet og mengder på dei stadene som ikkje vart råka av frost og dårleg pollinering, ser ut til å jevne totalavlinga.

Økologiske plommer
Etterspørselen etter økologiske plommer har auka i år. Dei 20 fyrste tonna med økologiske plommer frå Hardager Fjordfrukt vart omsett som økologiske plommer. Store mengder mogne plommer kom inn til fruktlagra i førre veke, og skapte kapasitetsproblem. For å hindre at dei skulle rotne på lager vart ein del økologiske plommer selde som konvensjonelle. Plommer er ferskvare, og må sendast raskt ut til kundane. Lettare er det å få omsett eple, som kan lagrast noko og tilpassast ettespurdnaden i marknaden.

Mykje eple
Epleprodusentane kan vente eit godt resultat i år. Epletrea blomstrar seinare enn plomme og er ikkje så utsett som plomme for frostskader og låg temperatur under pollineringa. Tidlegsortar som Vista bella og Prins er no ferdighausta, medan eplesortane Discovery og Summerred er på veg inn i butikkane. Årets eple er av god kvalitet både hjå økologiske og konvensjonelle produsentar, og er ekstra søte og raude av både sol og varme frå i sommar.

Eple på Matfestivalen
På Matfestivalen i Bergen vil du med andre ord finne lite plommer og mykje eple. Du vil kunne kjøpe både økologisk og konvensjonell frukt i bodene langs med Bryggen i år. Frukta på matfestivalen er plukka når den smakar best, og er klar til å etast med ein gong. Ta med ein tom tursekk til matfestivalen i helga, og fyll den opp med smaksopplevingar du kan leve lenge på!

Kontaktpersonar