Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn 8 millionar i erstatning til fruktbønder i Hardanger

I fjor var det vanskeleg vêr for fruktdyrking i Hardanger. Fylkesmannen i Hordaland har no betalt ut om lag 8,2 mill kr til fruktbøndene etter klimaskadar i 2015.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.07.2016

Hardanger er eit av dei viktigaste fruktdistrikta i Noreg, men i 2015 slo avlingane heilt feil.

 

Uår i fruktdyrkinga

Våren 2015 var kald. Pollineringa var dårleg og det vart få frukter på kvart tre. Vidare var sommaren kald, slik at fruktene i tillegg vart små. Fjoråret var det dårlegaste fruktåret i Hardanger på fleire tiår. Etter sommaren 2015 fekk Fylkesmannen i Hordaland rekordmange søknader om erstatning etter avlingssvikt i frukt. Av dei ca. 300 fruktdyrkarane i fylket, søkte halvparten om erstatning. 2011 var også eit dårleg år med nær like mange søknader, men avlingstapet var større i 2015. I 2015 måtte gardbrukarane ta ein større del av tapet på eiga kappe enn i 2011, grunna endringar i regelverket. Normalt sett er det særs få som søkjer om erstatning.

 

 

Hordaland

Landet   totalt

 

Tal søknader

Utbetaling, kr

Tal søknader

Utbetaling,   kr

2007

0

0

?

?

2008

0

0

26

2 217 000

2009

1

0

21

1 848 000

2010

0

0

29

298 000

2011

113

7 813 000

177

12 087 000

2012

2

26 000

68

5 046 000

2013

11

772 000

28

1 958 000

2014

3

14 000

32

1 814 000

2015

146

8 226 000

184

8 533 000

Søknader om erstatning etter avlingssvikt i frukt, ca. tal og utbetaling.

 

Ikkje alle er like nøgde

For nokre er utbetalinga låg samanlikna med tapet dei har hatt. Årsaka er mellom anna at erstatninga er meint å vere ei kriseløysing, og difor er forenkla til å ikkje skilje mellom ulike kvalitetar. Tap av eitt kilo god kvalitetsfrukt får same erstatning som tap av eit kilo industrifrukt til press. I 2015 var det høg andel industrifrukt. Andre har fått høge utbetalingar samanlikna med det reelle tapet. Dei fleste som søkte om erstatning etter klimaskade på frukt i 2015 fekk utbetaling på under kr 100.000. 17 stk har fått utbetaling frå kr 100-200.000 og 7 stk har fått utbetaling over kr 200.000. 38 stk fekk ikkje noko utbetaling, grunna at tapet vart berekna til å vere mindre enn eigendelen på 30 %.

 

Lang tid på sakshandsaminga

Sakshandsaminga både hos kommunane og Fylkesmannen har teke lang tid, og er ikkje ferdig før no. Årsaka er både at det var så uvanleg mange søknader, at mykje måtte bli vurdert og at mange søknader var mangelfulle. Nokre få sakar står framleis att, grunna behov for meir dokumentasjon.

Så langt teiknar det til å kunne bli gode fruktavlingar i Hardanger i 2016, og optimismen blant dyrkarane er god.

Kontaktpersonar