Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kostbar drenering i Hordaland



Tilskot til drenering av jordbruksjord har vore ei etterlengta ordning. Så langt har det likevel vore mindre pågang av søkjarar enn venta i Hordaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2013 av Administrator

Det er stort behov for å fornye og oppgradere dreneringa på dyrka areal i Hordaland. Fylket har mykje nedbør og tett organisk jord. Nær halvparten av dyrka jord i Hordaland er ikkje sjølvdrenerande i følgje estimat frå Skog og Landskap. På dette arealet finst mange gamle grøfter i dårleg stand.

Kostbar drenering
Ei årsak til relativt få søknader så langt kan vere at kostnadane med grøfting er høge i Hordaland. Med den faste tilskotssatsen på 1000 kr per dekar eller 15 kr per meter, vil tilskotet utgjere 10-15 % av kostnadane. Det kan tenkjast at mange ikkje ser seg råd til å grøfte fordi kostnadene blir for store og, tilskotet blir for lite. Det er òg tale om gardbrukarar som set i gang grøfteprosjekt utan tilskot, sidan dei ikkje ser seg tent med den låge tilskotssatsen.

Gravemaskina er noko av forklaringa på høgare dreneringskostnader i Hordaland enn på flatbygdene på Austlandet. Små areal eller mykje stein gjer at dei effektive metodane med rådalshjul eller kjedegravar oftast er umogleg. Ved reparasjon av våte parti får ein ekstra arbeid med tilkopling til eksisterande røyr. På myrjord må det vere tett mellom grøftene, og det er ein stor jobb å stabilisere grøftebotn. Stive røyr med stor dimensjon blir tilrådd for å unngå vasslås og tetting av slam. 

Etter at gravemaskina har gjort jobben, må ein gjerne ta i bruk traktor og handreiskap for å få ønska resultat med nedløp og tilkopling til eksisterande røyr. Foto: Leif Trygve Berge, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.

 

 


Håpar på meir drenering framover
Det er ikkje gjort i ei handvending å innføre ei ny tilskotsordning. Grunna høgt arbeidspress på landbrukskontora har det teke noko tid før tilskotet blei lyst ut i alle kommunane. Ein del søknader kjem inn i desse dagar. Hausten er normalt full av nedbør, og ikkje den beste tida for grøftegraving her i vest.

Vi håper på auka dreneringsaktivitet gjennom vinteren og til våren. Grasdyrkinga inneber mykje køyring med tunge maskiner. For mykje vatn i jorda gir fare for jordpakking, med påfølgjande avlingsreduksjon og auka tap av næringsstoff til luft og vatn.

Dreneringshefte
For å få dreneringssystemet til å fungere godt i lang tid framover er det viktig med kunnskap om korleis ein skal handtere ulik jord og terreng. Mange praktiske tips er samla i heftet «Drenering – teori og praksis» som Fylkesmennene på Vestlandet og Sørlandet har gitt ut i samarbeid med Bioforsk og Norsk Landbruksrådgiving.