Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Jordmassar frå problem til ressurs

I rettleiaren som Region Nordhordland har laga er det samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Prosjektet har fått skjønsmiddel frå Fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2016

Last ned rettleiaren Jordmassar frå problem til ressurs

Rettleiaren omtaler interesser og lovverk som kommunane må ta med i sine vurderingar, som omsyn til klima, kulturminne, naturmangfald, forureining, friluftsliv, naboar og trafikk.

Eit av råda i rettleiaren er at den beste måten å vere i forkant på er å tenke massehandtering i planarbeidet. 

Rettleiaren gjev råd om kva lovverk og eventuelt kva planverktøy ei sak skal handsamast etter avhengig av omfang og kompleksitet. Det er òg informasjon om kva ein søknad til kommunen må innehalde. 

Rettleiaren kan lastast ned ved å klikke på bilde over eller lenka til høgre på nettsida.