Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Bustadutbygging gir mjølkeproduksjon

Det er stor aktivitet med utbygging av bustader og industri i Nordhordland og nordre del av Bergen. Noko av overskotsmassane endar på garden til Magnar Askeland, og gir grunnlag for vidare mjølkeproduksjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2013 av Administrator

Magnar Askeland og naboen Helge Henanger ved Frekhaug i Meland driv mjølkebruk med kvote på høvesvis 185 og 360 tonn, og er blant dei store mjølkeprodusentane i Nordhordland. Planering og mottak av massar gjennom dei siste 13 åra har medverka til at dei klarar å halde oppe produksjonen, i eit landskap som frå naturen si side har mykje haug og hammar. Askeland har òg misst ein del areal til utbygging.  

Beite laga av tilførte massar i framgrunnen. Bak kyrne var tidlegare ein dal, som no er
fylt opp med om lag 80.000 kubikkmeter og er under oppdyrking. Foto: Ø. Vatshelle.

Dei fleste utbyggingsprosjekta gir store overskot av massar, gjerne også meir enn estimert. På eit utbyggingsprosjekt i utmarka ved Askeland sin gard, blei overskotsmassane berekna til 12.000 kubikkmeter, medan den reelle mengda har blitt nær 90.000 kubikkmeter.

Fleksibelt massemottak
Steinmassane som dei tek imot blir brukt til å lage vegar på arealet som skal dyrkast opp. Gode vegar er viktige for at entreprenørane kan køyre med fulle lass. Vegane fungerer òg som drenering. Seinare kjem dei til nytte som driftsvegar, flittig brukt av turgåarar frå bustadområda i nærleiken.

Askeland byggar opp ein voll rundt arealet før blaute jordmassar blir dumpa i midten. Slik klarar dei å gjere nytte av også våt utmarksjord, i tillegg til faste massar. Dei to mjølkeprodusentane har alltid nok prosjekt på gang til at både stein og myrjord kan brukast på rette plassen med det same. For å vere interessante for entreprenørane, må dei kunne ta imot ulike massar og store kvanta. På det travlaste har dei teke imot 120 billass med hengar om dagen, tilsvarande 2.000-2.500 kubikk. 

Stor innsats for å få produktiv jord
Dei får betalt per lass, og brukar inntekta på vidare handtering av massane. Askeland og Henanger er særs godt nøgde med maskinførar Marius Bergesen som jobbar hos dei mesteparten av året. Dei leigar òg inn ulike ungdommar. Sjølve oppdyrkingsarbeidet kostar truleg rundt 20.000 kr/daa.

På blaut jord kan det gå 5-6 år før den siste finpussen på arealet er gjort. Blaute jordmassar får eit lokk med sand over. Arealet må takast att fleire gonger med påfyll, tørking av massar, drenering og ny jordarbeiding. Overflata blir forma med fall slik at vatn skal renne av. Det trengst røynsle for å tilpassa massane til terrenget rundt. Dei våte massane søkk gjerne saman eit par meter.


Fire mann i arbeid med planering. Frå venstre maskinførar Marius Bergesen, Lars Gjøssang, Helge Henanger og Magnar Askeland. Foto: Ø. Vatshelle.

Tenkjar areal framfor kubikk
Areala blir sådd til fortløpande, og brukt til beite før dei blir ferdig dyrka opp til slåttemark. På den måten er arealet heile tida i produksjon. Til einkvar tid er det lite open jord, og det blir lite tilgrising med køyringa. Produktiv slåttemark og tråkksterke beite er  det viktigaste målet for dei to mjølkeprodusentane. Det er omfattande for gardbrukarane å organisere dette sjølv, men dei meiner at det absolutt er verd innsatsen.

Henanger er skeptiske til resultatet når hovudmålet er å bli kvitt mest mogleg massar. Landbruksnæringa har mange dårlege erfaringar når entreprenørar skal stå for sluttføringa. Det er gjerne manglande kunnskap om korleis det øvste jordlaget skal vere bygd opp og korleis dreneringa bør bli gjennomført, eller det er ikkje gjort skriftleg avtale om alle detaljane.

Tett samarbeid med kommunen
Tett samarbeid med kommunen er ei av føresetnadene for at ein har klart å få i stand slik bruk av tilkøyrde massar i Meland. Lovverket er ikkje tilpassa dagens situasjon, og kvart av dei ulike dyrkingstiltaka kan komme i gråsona i høve til kva regelverk  dei skal bli handsama etter. Askeland og Henanger skryt av kommunen som har vore innstilte på å finne gode løysingar.

Kommunen må vurdere om saka skal bli vurdert ut frå plan- og bygningslova med behov for dispensasjon frå LNF-føremålet i kommuneplanen. Dersom dette ikkje er nødvendig, kan handsaming som bakkeplanering (Forskrift om forurensing, kap. 4) eller som nydyrking vere tilstrekkeleg. Det er òg aktuelt med dispensasjon frå krav i miljøplan.

Dersom arbeid med massedeponi til dømes inneber trafikk langs skuleveg, støy for naboar eller fare for naturmangfald kan det vere krav om reguleringsplan for å vurdere tilhøva. For framtida burde masseforvalting vere del av kommuneplanane i Hordaland, slik at ein står klar til å sikre god bruk av utbyggingsmassar.

Tiltak mot ureining
Askeland og Henanger må vere nøye med kva masser dei tek imot. Dersom det skulle komme restavfall i nokre av lassa, sit dei sjølv med ansvaret for forureining og opprydding. Berre reine jord-, grus- og steinmassar kan nyttast til utfylling. Innhaldet av helse- og miljøskadelege stoff må vere under normverdiane i forureiningsforskrifta.

Sjølv avrenning av «reine» jord- og steinpartiklar til vatnet kan påverke miljøtilhøva i vassdrag. Ved bruk av sprengstein er det ekstra viktig å unngå direkte avrenning grunna skarpe partiklar og nitrogeforbindelsar som er skadeleg for fisk og anna liv.

Det har vore diskutert om oppdyrkinga på gardane har medverka til at elvemuslingen i Mjåtveitelva blei utrydda i 2012. Askeland meiner at dei har god kontroll på erosjon og næringsavrenning med vollar mot elva, fangdammar og rask etablering av plantedekke.

Det er òg viktig med tiltak for å hindre spreiing av frø og planterestar frå framande artar. I samband med flytting av jordmassar på Bømlo har til dømes den svartelista arten boersvineblom etablert seg på stadig nye område, og det er alt brukt store ressursar i forsøk på å fjerne førekomstane.