Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Jordbruk

Jordbruk omfattar dyrking av plantar og husdyrhald. Jordbruksarealet i Noreg utgjer omtrent tre prosent av landarealet, og det er store variasjonar mellom fylka.

Statsforvaltaren skal medverke til at jordbrukspolitikken blir realisert

Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den nasjonale jordbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Statsforvaltarens oppgåver innan jordbruk er i hovudsak knytte til forvaltning av tilskots- og erstatningsordningar.

Statsforvaltaren gir råd og informerer om verkemiddelbruk overfor kommunane, forsøksringar og næringsutøvarar innan jord- og hagebruk. Statsforvaltaren skal fungere som initiativtakar og pådrivar for verdiskaping og utvikling innan sektoren. 

Vis meir

Hordaland har store og varierte beiteressursar, både i kystnære og indre strok. Fylkesmannen driv ulike prosjekt for utvikling av beitelandskapet på ein berekraftig og variert måte, med utgangspunkt i lokal næringsutvikling. Eit variert landskap og ein variert næringssstruktur gjev ulike vilkår for matproduksjon. Difor er ein alltid på jakt etter dei beste driftsløysingane for å auka matproduksjonen, både tradisjonelt og i tilknyting til nye næringar.

Landskap i drift (LID)
Prosjektet søkjer betre nytting av beiteressursar for ein meir (klimavenleg) ekstensiv, grovfôrbasert kjøtproduksjon i Hordaland, gjennom eit aktivt, mangesidig landbruk, der landskapet vert halde ope ved å utvikle større, samanhengande beiteområde. Spesielt fokus på å ta i bruk innmarksbeite og utmarksbeite som har gått ut av bruk, og å fremje vårbeiting på noverande beiteområde. Klimafokuset i prosjektet søkjer mellom anna skal å finne gode løysingar for fôringsplasser for å unngå tap av husdyrgjødning, terrengskadar og ha betre styring av beitedrifta. Midlar kan gå til samarbeide på tvers av eigedomsgrensene for større, samanhengande beiteområde.


Publisert 18.02.2013

Tilskot til drenering 2013


Publisert 11.01.2013 av Administrator

Kurs i økologisk jordbær-og fruktdyrking


Kontaktpersonar

Landskap i drift

Kontaktperson
Bastian Edi Hoffmann
55 57 21 47