Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Jordbruk

Jordbruk omfattar dyrking av plantar og husdyrhald. Jordbruksarealet i Noreg utgjer omtrent tre prosent av landarealet, og det er store variasjonar mellom fylka.

Statsforvaltaren skal medverke til at jordbrukspolitikken blir realisert

Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den nasjonale jordbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Statsforvaltarens oppgåver innan jordbruk er i hovudsak knytte til forvaltning av tilskots- og erstatningsordningar.

Statsforvaltaren gir råd og informerer om verkemiddelbruk overfor kommunane, forsøksringar og næringsutøvarar innan jord- og hagebruk. Statsforvaltaren skal fungere som initiativtakar og pådrivar for verdiskaping og utvikling innan sektoren. 

Vis meir

Hordaland har store og varierte beiteressursar, både i kystnære og indre strok. Fylkesmannen driv ulike prosjekt for utvikling av beitelandskapet på ein berekraftig og variert måte, med utgangspunkt i lokal næringsutvikling. Eit variert landskap og ein variert næringssstruktur gjev ulike vilkår for matproduksjon. Difor er ein alltid på jakt etter dei beste driftsløysingane for å auka matproduksjonen, både tradisjonelt og i tilknyting til nye næringar.

Landskap i drift (LID)
Prosjektet søkjer betre nytting av beiteressursar for ein meir (klimavenleg) ekstensiv, grovfôrbasert kjøtproduksjon i Hordaland, gjennom eit aktivt, mangesidig landbruk, der landskapet vert halde ope ved å utvikle større, samanhengande beiteområde. Spesielt fokus på å ta i bruk innmarksbeite og utmarksbeite som har gått ut av bruk, og å fremje vårbeiting på noverande beiteområde. Klimafokuset i prosjektet søkjer mellom anna skal å finne gode løysingar for fôringsplasser for å unngå tap av husdyrgjødning, terrengskadar og ha betre styring av beitedrifta. Midlar kan gå til samarbeide på tvers av eigedomsgrensene for større, samanhengande beiteområde.


Publisert 22.08.2013 av Administrator

Nytt faghefte "Drenering - teori og praksis"

Fagheftet ”Drenering teori og praksis” skal gje eit grunnlag for å kunne stille dei rette spørsmåla for ein god og praktisk gjennomføring av dreneringstiltak i kystfylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal.


Publisert 08.07.2013 av Administrator

Tilskot til reperasjon av vinterskadd eng

Fristen for å søkje om tilskot etter isbrann er 15. juli. Tilskotet er kroner 330,- per dekar etter at arealet for eigenrisiko er trekt frå. Kjøp av såfrø må dokumenterast med kopi av godkjende rekneskapsbilag og reparerte areal må teiknast inn på kart.


Publisert 03.07.2013 av Administrator

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Landbruks- og matdepartementet har no fastsett forskrift om tilskott til drenering av jordbruksjord. Det er i jordbruksavtalen sett av 100 millionar kroner for 2013 og 100 millionar kroner for 2014 til drenering. Både eigar av jordbruksjord og leigar av jordbruksjord kan søke kommunen om tilskott.


Publisert 08.05.2013

Hugs å melde vinterskade på eng

For å kunne søkje tilskot til reperasjon etter vinterskade på eng, må kommunen få melding i god tid før skaden vert utbetra. Skaden må bli utbetra før 15. juni og søknadsfrist for tilskot er 15. juli.


Publisert 03.05.2013

Høyring av dreneringsforskrift

Forskrifta om tilskot til drenering er på høyring, og endeleg forskrift er venta ferdig i juni. Dermed skal kommunane vere klare til å handsame søknader i løpet av sommaren. Gardbrukarar som får tilskot kan starte arbeidet til hausten.


Publisert 25.04.2013

Dyrk Smart i Hardanger

Tettare kopling til grossistane, nyplantingar, nye dyrkingssystem og enklare leige av fruktareal er nokre av tiltaka for å gjere fruktnæringa godt rusta til å møte framtida. Innsatsen er organisert gjennom prosjektet Dyrk Smart, mellom anna støtta av Fylkesmannen i Hordaland.


Publisert 05.04.2013

Unngå gjødsling på frosen mark

Det uvanleg langvarige tørre og kalde veret med tele i jorda fører til at møkkaspreiinga må vente. Fulle gjødsellager gir store utfordringar for jordbruket i Hordaland. Om veret gir konsekvensar for overvintring av eng er det likevel for tidleg å konkludera på.


Publisert 14.03.2013

Samarbeidsprosjekt på beite "Landskap i drift II" er i gong!

Lenge etterlyst og snakka om - no er midlane koma på plass og det praktiske prosjektarbeidet med å finne nye område er koma i gong!


Publisert 12.03.2013

Plantevern i frukt og bær

Plantevernplanen 2013 er ferdig oppdatert. Planen er eit viktig hjelpemiddel for frukt- og bærprodusentane i dei seks fylka på Sør- og Vestlandet.


Publisert 04.03.2013 av Administrator

Regionalt bygdeutviklingsprogram Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland har ferdigstillt Regionalt bygdeutviklingsprogram 2013–2017, som eit bidrag til meir regionalt tilpassa landbrukspolitikk. Programmet inneheld prioriteringar ved bruk av regionale verkemiddel for å fremje landbruksbasert næringsutvikling og miljø- og klimaarbeid i fylket.


Kontaktpersonar

Landskap i drift

Kontaktperson
Bastian Edi Hoffmann
55 57 21 47