Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt

Fylkesmannen vil med dette invitera kommunane til å søkje om skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjøn) for 2019.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 21.11.2018

Ordinært skjønstilskot er ein del av rammetilskotet til kommunane. Fylkesmannen har til no fordelt kr 88,0 mill. av den totale skjønsramma på kr 115,6 mill. til kommunane i Hordaland for 2019. 

Restsummen på kr 27,6 mill. vil bli nytta til prosjektskjøn og til generell fordeling i året der også uventa hendingar vil bli tekne omsyn til. 

Den samla ramma på kr 115,6 mill. er hordalandskommunane sin del av totalramma for nytt fylke, Vestland. 

Generelle retningslinjer frå KMD 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i retningslinene for skjønstilskot presisert at føremålet med skjønsmidlane er å fanga opp lokale tilhøve som ikkje blir ivaretekne godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre faste tilskotsordningar. Departementet viser i retningslinene også til at Fylkesmannen bør gi ein del av skjønsramma til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane.   

Departementet ynskjer at Fylkesmennene held tilbake skjønsmidlar for å kunne ta omsyn til kommunar som får uventa økonomiske utfordringar i løpet av året. Departementet syner til at det også omfattar kommunar som blir ramma av naturskade eller andre ekstraordinære hendingar, i den grad departementet ikkje sjølv gir kompensasjon. Dersom midlane ikkje blir nytta til uventa utgifter i året, kan dei bli betalte ut til andre føremål på slutten av året.

Satsingsområde

Nedanfor er satsingsområda våre for prosjektskjøn 2019, som er felles for kommunane i Hordaland og for kommunane i Sogn og Fjordane. 

1.   Kommunale tenester til:

  • helse og omsorg t.d. velferdsteknologi og auka krav innanfor rus og psykiatri
  • barnehage- og skulemiljø
  • barnevern eller barn som er utsette for vald og overgrep.

2.   Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald:

  • samarbeidsprosjekt som gjer at flest mogeleg av kommunane i fylket brukar same kompetanse- og teknologiplattform, vert prioriterte

3.   Samfunnsutvikling til dømes på desse områda:

  • rekruttering
  • interkommunalt planarbeid til dømes om folkehelse, massedeponi, oppdrett og akvakultur
  • kommunale planverktøy og digitale kart
  • samfunnstryggleik og beredskap
  • klimatilpassing eller tiltak for å redusera klimagassutslepp

4.   Interkommunale utviklingsprosjekt:

  • utgreiingar som grunnlag for vidare prosessar i kommunereforma
  • tenestesamarbeid på område der det har oppstått endringar som følgje av kommunereforma
  • samarbeid om skogbruks- og landbruksforvaltninga

Søknadsprosess

Du finn meir om kriteriar og prosess i vedlagte brev.

For 2019 skal det søkjast på eit eige søknadsskjema som ligg på database. Gå til: 

https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no