Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Psykisk helse og rus

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar , skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med foresatte som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir


Publisert 16.10.2018

Fylkesmannen oppfordrar helsepersonell til å ta influensavaksinen

Vaksinasjon av helsepersonell er eit av temaa på Smitteverndagen 2018.


Publisert 18.09.2018

Med mål om likeverdig tilbod – pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløp er standardiserte pasientforløp. Helsedirektoratet har no lansert tre pakkeforløp innan rus og psykiatri. Målet med pakkeforløpa er å sørge for at pasientane får behandlingsforløp med betre samhandling, klare ansvarsforhold og gode overgangar mellom ulike tenester.


Publisert 07.05.2018

Begge foreldra må i utgangspunktet samtykka til behandling ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk

Foreldre har som hovudregel rett til å samtykka til helsehjelp for pasientar under 16 år. Der helsehjelpa blir rekna som ein del av den daglege og ordinære omsorga for barnet, er det nok at ein av foreldra samtykker. Behandling for psykiske lidingar blir ikkje rekna som ordinær helsehjelp, og føreset difor samtykke frå begge foreldra.


Publisert 19.03.2018

Sjølvbestemming har ført til færre klagar på tvangsmedisinering

Frå 1. september 2017 blei reglane om tvang endra. Føremålet er mindre og riktig bruk av tvang. Pasientar med alvorlege sinnslidingar, som sjølv kan ta stilling til helsehjelpa, kan no nekte helsehjelp dersom dette ikkje fører med seg nærliggande alvorleg fare for eige liv eller for livet eller helsa til andre.


Publisert 08.01.2018

Meldeplikt for kommunen når ei gravid rusavhengig kvinne blir tvangsplassert i helseinstitusjon

Kommunen pliktar frå 1. januar 2018 å melda frå til barnevernstenesta når ei gravid rusmiddelavhengig kvinne blir tvangsplassert på helseinstitusjon. Meldinga gir barnevernstenesta anledning til å opna undersøking utan den gravide kvinna sitt samtykke.


Publisert 29.12.2017

Kommunane får pengar til betre tenester til rusavhengige

Innsatsområda i Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020) er: tidleg innsats, rett behandling og god oppfølging. Av veksten i dei frie inntektene i 2018 er 375 millionar kroner grunngitt med satsinga innan rusomsorga.


Publisert 27.11.2017

Veileder for oppfølging av personer med store og sammensatte behov

Rettleiaren som Helsedirektoratet har gitt ut, rettar seg til leiarar på alle nivå og verksemder som gir tenester til personar med omfattande behov.


Publisert 31.08.2017

Psykisk sjuke får no bestemme meir

Frå 1. september er krava til grunngjeving av vedtak om tvangsmedisinering skjerpa.


Publisert 15.06.2017

100 millionar til rus og psykisk helse i 2017

Fylkesmannen i Hordaland har gitt tilskot til å styrke tenestetilbod innan psykisk helse og rus, vald og traumefeltet i kommunane.


Publisert 07.06.2017

Psykisk sjuke skal få bestemme meir

Pasientar med samtykkekompetanse kan frå 1. september nekte behandling i psykisk helsevern om det ikkje er nærliggjande og alvorleg fare for eiga liv eller andre sitt liv eller helse.