Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Registrering av infeksjonar og antibiotikabruk på sjukeheimar hausten 2018

I  veke 45, 5. – 9. november, skal alle sjukeheimar registrere infeksjonar og antibiotiakbruk blant pasientane sine. Målet er betre pasienttryggleik.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.10.2018

Alle skal delta

Undersøkinga skal gi eit bilete av korleis situasjonen er på ein gitt dag i løpet av den aktuelle veka. Alle sjukeheimar skal gjennomføre slike undersøkingar to gongar i året. Dette er regulert i Forskrift om Norsk overvåkingssystem for antibiotikabruk og helsetjenesteassosierte infeksjoner (NOIS-registerforskrifta).
I november 2017 deltok 62 prosent av sjukeheimane i landet.

Fylkesmannen ventar no at alle sjukeheimane rettar seg etter NOIS-registerforskrifta  og blir med på registreringa.

Kvifor skal vi ha oversikt?

Å ha oversikt over infeksjonsførekomsten er viktig for kvalitetsarbeidet på kvar sjukeheim. Helsedirektoratet har publisert ein kvalitetsindikator for førekomst av helsetenesteassosierte infeksjonar.

Du kan lese meir om øyeblikksundersøkinga på Folkehelseinstituttet sine heimesider her.