Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Dei som søkjer om sosialhjelp har krav på å få snakke med Nav

Fylkesmannen har nokre gonger høyrt at sosialhjelpssøkjarar ikkje har fått snakke om saka si med ein saksbehandlar på Nav. Det skal mykje til før Nav kan nekte!

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 11.09.2015

Forvaltningslova har ein eigen paragraf om at dei som har ei sak hjå offentlege instansar til vanleg skal få snakke med ein tilsett ved det forvaltningsorganet som behandlar saka. Forvaltningsorganet kan likevel nekte ein slik samtale dersom forsvarleg utføring av tenesta ikkje tillét at samtalen vert gjennomført, eller når vedkomande ikkje har sakleg grunn for ein slik samtale, sjå forvaltningslova paragraf 11 d. 

Må få sine interesser ivaretatt

Nav-kontoret har plikt til å informere og gi rettleiing om tenester, rettar og plikter etter sosialtenestelova. Det er ikkje føremålstenleg at kommunikasjon berre er skriftleg. For mange er det nødvendig å få slik informasjon og rettleiing munnleg, i eit møte med saksbehandlaren på Nav.

Nav-kontoret har plikt til å hjelpe dei som treng hjelp til å søkje om tenester. Dette omfattar å identifisere hjelpebehov og å peike på omstende som kan ha særleg innverknad for resultatet i det konkrete tilfelle. Nav-kontoret har dessutan plikt til å skrive ned munnlege søknader.

Også dei som klarar seg godt skriftleg har til vanleg krav på å få snakke med ein tilsett på Nav-kontoret om saka si. Dersom dei føler behov for ein slik samtale.

Kan Nav i det heile tatt stenge nokon ute?

Nokre av Nav sine brukarar har det ein kallar utfordrande åtferd. Også desse har i utgangspunktet rett til å få leggje fram saka si munnleg på Nav-kontoret. Likevel kan det i sjeldne tilfelle oppstå situasjonar der Nav-kontoret finn at dei må stenge ein person ute. Slik utestenging skal Nav i utgangspunktet berre nytte som eit tryggingstiltak for å ivareta dei tilsette og andre tenestemottakarare.

Avgjerder om utestenging er ikkje eit enkeltvedtak som kan klagast på, men Nav må likevel følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Vedkomande skal ha varsel om mogleg utestenging og få høve til å uttale seg før endeleg avgjerd. Ein som er utestengd frå Nav-kontoret, skal ikkje utestengast frå Nav sine ytingar eller tenester. Nav-kontoret må leggje til rette for at tenestene er tilgjengelege på andre måtar, til dømes gjennom telefonkontakt, brev eller møter utanfor kontoret.

Sjølv om ei avgjerd om utestenging ikkje kan klagast på etter reglane i forvaltningslova, så kan den det gjeld be om at Fylkesmannen opprettar tilsynssak. Fylkesmannen vil i eit slikt tilfelle vurdere om vi skal føre tilsyn med det aktuelle tilfellet. Dersom vi opprettar tilsynssak, vil vi til vanleg først ta kontakt med Nav-kontoret og be dei gjere grei for kva som har skjedd. Fylkesmannen i Hordaland har til no ikkje hatt nokon slike tilsynssaker.

Aktuelt

Forvaltningslova paragraf 11 d:
I den utstrekning en forsvarlig utførelse av tjenesten tillater det, skal en part som har saklig grunn for det, gis adgang til å tale muntlig med en tjenestemann ved det forvaltningsorgan som behandler saken. Dersom en mindreårig er part i saken og blir representert av verge, gjelder dette også den mindreårige selv.

Blir det ved muntlige forhandlinger, konferanser eller telefonsamtaler av en part gitt nye opplysninger eller anførsler av betydning for avgjørelsen av saken, skal de såvidt mulig nedtegnes eller protokolleres. Det samme gjelder iakttakelser tjenestemannen gjør ved befaring m.m.