Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesmannen oppfordrar helsepersonell til å ta influensavaksinen

Vaksinasjon av helsepersonell er eit av temaa på Smitteverndagen 2018.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 16.10.2018

Noreg har eit mål om 75 prosent vaksinedekning av helsepersonell basert på Verdens helseorganisasjon og EU sine anbefalingar. Tal frå influensasesongen 2016-2017 viser at vaksinasjonsdekninga blant helsepersonell var berre 17 prosent.

Fylkesmannen oppfordrar difor helsepersonell i Hordaland til å ta influensavaksine no.

Kvifor skal helsepersonell ta influensavaksine?

Helsedirektoratet vil ha høgare vaksinasjonsdekning blant helsepersonell. Ei slik dekning er viktig både for individ og samfunn fordi:  

  • det reduserer sjukdom og død grunna influensa.
  • det reduserer bruken av antibiotika til behandling av følgjetilstandar etter influensa.

Kva plikter kvilar på arbeidsgjevar?

Alt helsepersonell som er i kontakt med pasientar skal ha tilbod om influensavaksine frå arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar skal ha skriftlege retningslinjer for generelle smitteverntiltak, og rettleiing i forebygging av smitte og vaksinasjon. Arbeidsgjevar skal dekkje utgifter ved vaksinasjonen. Helsedirektoratet oppfordrar arbeidsgjevarar til å registrere influensavaksinert helsepersonell for å kunne følgje med på vaksinasjonsdekninga.

Når kjem influensavaksinen til Hordaland?

Influensavaksinen er allereie komen til apoteka. 

Folkehelseinstituttet sender bestilte vaksiner til kommunane og helseforetaka i løpet av veke 42 og veke 43. Klikk på veketala for å sjå kven som får tilsendt vaksine i dei ulike vekene.