Pasient fekk ikkje forsvarleg behandling
Fylkesmannen har kome til at Medisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus ikkje gav forsvarleg behandling til ein pasient.
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
Pasienten hadde dårleg helsetilstand og var alvorleg underernært. Første kontakt med sjukehuset var i august 2015. Då tilstanden hans raskt forverra seg i løpet av hausten, fekk han ikkje behandlinga han trengte for å overleve. Underernæringa var ei sterkt medverkande årsak til at han døydde på sjukehuset etter nokre månadar.
Pasienten var rusmisbrukar og høyrde derfor til ei gruppe i samfunnet som ikkje alltid får nødvendige helsetenester. Å gi helsehjelp til denne gruppa kan vere utfordrande, men dei har likevel rett til helsehjelp på linje med andre pasientar.
Kontaktpersonar
-
Karianne Flaatten
Tlf: 55 57 22 26 -
Sjur Lehmann
Tlf: 55 57 22 18