St. Olavs orden 1. klasse tildelt Ketil Hvoslef
Komponist Ketil Hvoslef fekk i dag overrekt sine ordensinsignia for St. Olav av 1. klasse under ei enkel tilstelling på fylkesmannen sitt kontor i Bergen.
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
Ketil Hvoslef, født 9. juli 1939, har sidan 1960-åra vore ein av landets fremste komponistar, med ein omfattande, variert og særprega produksjon. Blant norske komponistar i dag har han ei nestor-rolle og vart av somme plassert blant dei fremste nålevande komponistar i Norden.
Musikken hans er vanskeleg å sette i bås, sjølv om grunnlaget er den klassiske musikken. Stilen hans er personleg og nyskapande.