Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fri rettshjelp

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. Bruk rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du kan ha rett på fri rettshjelp. Ta kontakt med Statsforvaltaren eller ein advokat for å få fri rettshjelp.

Fri rettshjelp er advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?

Døme på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.

Inntekts- og formuesgrense

For å få fri rettshjelp må du ha ei bruttoinntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Frå januar 2022 er inntektsgrensa for einslege 320 000 kroner, og grensa for ektefeller og sambuarar er 490 000 kroner. Formuesgrensa er 100 000 kroner. Statsforvaltaren og domstolane kan i visse tilfelle gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuesgrenser.

Uavhengig av kva du har i inntekt og formue kan du få fri rettshjelp

  • i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker
  • i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvangspålagt psykisk helsevern
  • i saker om militærnekting
  • i saker om tvangsekteskap
  • i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
  • i saker om erstatning for ugrunna straffeforfølging
  • for å vurdere melding i samband med valdtekt
  • for å vurdere melding i sak om menneskehandel
  • i saker om NAVs feilaktige praktisering av EUs trygdeforordning

Eigendel

Dersom du får fri rettshjelp, skal du som hovudregel betale ein eigendel av hjelpa. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekt. Dersom du har ei bruttoinntekt på meir enn 100 000 kroner, må du betale ein eigendel for fri rettshjelp i saker med økonomisk behovsprøving.

Eigendelen i behovsprøvde saker er éin gong den offentlege salærsatsen (som frå januar 2022 er 1121 kroner). I saker med fri sakførsel utgjer eigendelen 25 prosent av utgiftene (maks åtte gonger salærsatsen). Det er advokaten som krev inn eigendelen. 

Fri rettshjelp i utlandet

Alle søknader om fri rettshjelp i utlandet blir behandla av Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Vis meir


Publisert 27.03.2017

Nye retningsliner for fri rettshjelp

Fylkesmannen har sendt ei påminning til advokatane i Hordaland om nye retningsliner i saker om fri rettshjelp.


Publisert 06.01.2017

Fri rettshjelp - endringar på salærfeltet i 2017

Med verknad frå 1. januar 2017 er det gjort fleire endringar på salærfeltet. Endringane er av særleg interesse for advokatar, rettshjelparar, sakkunnige og tolkar.


Publisert 20.12.2016

Endringar i lov om fri rettshjelp og nytt rundskriv

Stortinget har vedteke endringar i rettshjelplova, som vert sett i verk frå 1. januar 2017. Det er også laga eit heilt nytt rundskriv om fri rettshjelp.