Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Nasjonal kartlegging av seksualitetsundervisninga

Som ein del av oppfølginga av "Snakk om det! Strategi for seksuell helse (2017 - 2022" har Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet sendt ut ei kartleggingsundersøking til alle skulane i landet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2018

Målet med undersøkinga er å lære meir om korleis seksualundervisninga faktisk foregår, og eventuelt kva tiltak som kan settast i verk for å gjere den betre.

Undersøkinga skal følgjast opp med anbefalingar til kva som kan gjerast for å forbetre seksualitetsundervisninga.

Målgruppa for kartleggingsundersøkinga er lærarar, helsesystrer og skuleleiarar i heile landet. Fylkesmannen oppmodar alle skulane i Hordaland, inkludert skulehelsetenesta, til å svare på denne undersøkinga.

Undersøkinga er planlagt avslutta 29. mai 2018.

Les meir om undersøkinga i i brev signert helsedirektøren og utdanningsdirektøren under fana "Dokument" oppe til høgre.