Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidet mot negativ sosial kontroll

Kunnskapsminister Torbjøn Rø Isaksen, barne‐ og likestillingsminister Solveig Horne og innvandrings‐ og integreringsminister Sylvi Listhaug har sendt brev til alle kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn om arbeidet mot negativ sosial kontroll.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2017

Arbeidet mot negativ sosial kontroll er høgt prioritert av regjeringa. For å førebyggje og bekjempe negativ sosial kontroll må offentlege etatar ha kunnskap om problematikken og vere merksame på at unge menneske frå minoritetsmiljø kan bli utsett for utilbørleg press frå omgivnadene.

Regjeringa ber derfor om at brevet blir sendt vidare til alle barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular, helsesystrer og til barne‐ og familievernet.