Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Gratisprinsippet og friskular

Friskular kan ikkje krevje at elevar eller foreldre betaler for aktivitetar eller utstyr på skulen utover skulepengane.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2017

Alt som skjer i skulen sin regi skal vere dekka av skulepengane

Staten finansierar 85 prosent av elevplassen ved friskular. Dei resterande 15 prosenta kan skulen krevje inn som skulepengar. Dette skal dekke alt skulen gjer i løpet av eit skuleår.  

Alle aktivitetar skulen legg opp til eller er med på å arrangere skal vere dekt av skulepengane, og ikkje koste noko ekstra for elevar og foreldre. Dette gjeld mellom anna ekskursjonar, teaterbesøk, skuleturar, aktivitetsdagar med meir. Dei einaste unntaka er at vidaregåande skular kan krevje at elevane held seg med individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, samt eigenandel til PC.

Ikkje noko blir gratis sjølv om det er eit gratis alternativ

Fylkesmannen får ofte spørsmål frå foreldre og andre om reglane rundt eigenbetaling. Typiske døme er språkreiser og skidagar der elevane som skal delta må dekke heile eller delar av kostnadane. Dei elevane som ikkje deltar, får alternative tilbod som er gratis. Spørsmålet er då om denne praksisen er innanfor regelverket.

Først når ein aktivitet i regi av skulen er eit reelt tilbod til alle elevane, uavhengig av ekstrabetaling, er reglane i friskulelova følgd. Sagt på ein annan måte: Ein eigenbetalt tur i slalåmbakken blir ikkje gratis sjølv om nokre elevar er på ein gratis fottur. Eit mykje brukt argument, både frå skular og føresette, er at aktivitetane som kostar pengar er frivillige.  Innvendinga er at dei er vel berre frivillige for dei som faktisk har råd og som reelt kan velje mellom tilboda?

Finansiering av skuleturar/ekskursjonar av andre enn skulen

Det er i utgangspunktet ikkje noko i vegen for at andre enn skulen finansierer skuleturar/ekskursjonar. Elevar og foreldre kan samle inn pengar gjennom dugnader, loddsal osv. Dette kan vere innanfor regelverket, men det må då gjerast etter visse vilkår:

  • Gåver må vere reelt frivillige.
  • Deltaking i dugnadsaktivitetar eller andre måtar å skaffe pengar på som ikkje er ein del av den ordinære opplæringa, må vere reelt frivillig.
  • Pengar tent gjennom dugnad kan ikkje øyremerkast enkeltelevar.
  • Alle gåver bør gis anonymt.
  • Det kan ikkje krevjast gjenytingar (t.d. reklame) jf. friskulelova § 7-1a.

Foreldrearrangerte turar i skuletida skal vere gratis

Ved ein del skular arrangerer foreldra tur for elevane. Nokre av skulane seier då at turane er i foreldra sin regi, og at det er foreldra som har det økonomiske ansvaret. Fylkesmannen vil her presisere at dersom ein slik tur blir gjennomført i skuletida, må skulen rekne dette som ein del av opplæringa, og reglane om eigenbetaling gjeld.

Skulen har heller ikkje anledning til å gi grupper av elevar permisjon etter friskolelova § 3-13 for å delta på foreldrearrangerte turar. Utdanningsdirektoratet har tolka den tilsvarande bestemmelsen i opplæringslova § 2-11 slik: «Ordlyden i opplæringsloven § 2–11 regulerer permisjoner knyttet til den enkelte elev, og bestemmelsen regulerer derfor ikke permisjoner for grupper av elever. Opplæringsloven § 2–11 kan heller ikke brukes når turen er en del av grunnskoleopplæringen».

Kontaktpersonar