Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Bruk av tvang mot elevar med utviklingshemming i skuletida

Det er no avklart at tiltak etter kapittel 9, for elevar med diagnose utviklingshemming, også kan gjennomførast i skuletida.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.09.2018

Føresetnaden for dette er at tiltaka gjennomførast som ledd i tenester etter helse- og omsorgstenestelova og av personell frå helse- og omsorgstenesta. Leiinga i skulen må samtykke til at tiltaka kan gjennomførast når eleven er på skulen.

Heimel

I helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er det heimel for å bruke tvang og makt mot personar med utviklingshemming når det er naudsynt for å hindre vesentleg skade på personen sjølv eller andre. Reglane gjeld bruk av tvang og makt som ledd i tenester etter helse- og omsorgstenestelova paragraf 3-2 nr. 6 bokstav a til c.

Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet har samarbeidd om tolkningsuttale for å bidra til at skuleeigarar, skuleleiing og tilsette kjenner til regelverket om bruk av tvang i skulen.