Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Regelverk

Fylkesmannen skal informere om og rettleie fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Fylkesmannen skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og formidle resultata av tilsynet for å auke etterleving av regelverket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.12.2012

20.04.2018

Lovlegkontroll av vedtak om endring av skulekrinsgrenser

Stord kommune har fatta vedtak om å endre skulekrinsgrenser. Fylkesmannen har konkludert med at vedtaket er ugyldig, og har difor oppheva vedtaket.


29.09.2017

Rett til spesialundervisning for vaksne

Vaksne kan på visse vilkår ha rett til spesialundervisning på grunnskulen sitt område. Fylkesmannen har publisert utdrag frå eit vedtak i ei klagesak.


11.07.2017

Gratisprinsippet

Elevar har rett til gratis offentleg grunnopplæring. Skulane kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring.


05.07.2017

Skulegudstenester

Fylkesmannen vil minne om at Utdanningsdirektoratet har laga eit samleoppslag om reglar for skulegudstenester. Direktoratet skriv at skulane blir oppmoda om å ha ei aktiv påmelding, og at denne påmeldinga bør vera samstundes for både gudsteneste og alternative tilbod.


05.07.2017

Bruk av alternative opplæringsarenaer i grunnskulen

Fylkesmannen får med jamne mellomrom førespurnader om bruk av alternative opplæringsarenaer for enkeltelevar. Ein alternativ opplæringsarena er kjenneteikna ved at delar av eller heile opplæringa går føre seg på ein annan stad enn skulen sitt område. 


03.07.2017

Rett til innsyn etter offentleglova

Saksdokument i offentleg verksemd er som hovudregel opne for innsyn for alle. Det må særskild heimel til for å kunne halde slike dokument unna innsyn. Vi har publisert eit utdrag frå vedtak i ei klagesak om innsyn etter offentleglova.


12.10.2016

Skuleskyss

Det er klagerett på enkeltvedtak om rett til gratis skuleskyss. Klagen skal sendast til kommunen eller fylkeskommunen, avhengig av kven som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Fylkesmannen, som er endeleg klageinstans.


04.10.2016

Rett til spesialundervisning for vaksne

Vi har lagt ut vårt vedtak i ei klagesak på spesialundervisning for vaksne.


29.09.2016

Avslag på krav om innsyn i lister med namn og adresse på elevar.

Bergen kommune har avslått krav frå foreldre om å få tilsendt lister med namn og adresse på elevar som skulle byrje på skolen. Fylkesmannen har stadfesta vedtaket til kommunen.


23.08.2016

Kven har mynde til å treffe vedtak om forsøk med leksefri skule?

Voss kommunestyre har vedtatt ei forsøksordning med leksefri skule.Fylkesmannen konkluderte etter lovlegkontroll at det ikkje var grunnlag for å oppheve kommunestyret sitt vedtak.