Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Klagebehandling

Fylkesmannen skal: 

  • behandle klager på enkeltvedtak i grunnskulen og i vidaregåande opplæring etter forvaltningslova, opplæringslova, privatskulelova og kapittel 4 i vaksenopplæringslova og forskrifter til desse.
  • behandle klager vedrørande spesialpedagogisk hjelp til barn under opplæringspliktig alder
  • sørgje for at klagebehandling blir gjennomført etter eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.11.2012

Her er eit oversyn over behandlinga av ulike klager.


22.05.2017

Standpunktkarakter i grunnskulen 2017

Det kan klagast på standpunktkarakterar i grunnskulen og på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.


14.02.2014

Permisjon frå opplæringa i grunnskulen

Etter opplæringslova § 2-11 kan kommunen etter søknad gi ein elev fri frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker når det er forsvarleg. Elevane har ikkje rett til permisjon.


08.02.2013

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar i grunnskulen

Det er klagerett på alle enkeltvedtak om særskild språkopplæring i grunnskulen. Klagen skal sendast til det organet som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Fylkesmannen, som er endeleg klageinstans.


08.02.2013

Skuleplassering

Det er klagerett på vedtak om skuleplassering i grunnskulen. Klagen skal sendast til det organet som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Fylkesmannen, som er endeleg klageinstans.


08.02.2013

Skulemiljø

Kvar enkelt elev har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Vidare har alle elevar rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Dersom elevar eller føresette meiner retten til godt skulemiljø ikkje vert oppfylt gjennom dei tiltaka skulen vedtek, kan dei klage på det.


06.12.2012

Skuleskyss

Det er klagerett på enkeltvedtak om rett til gratis skuleskyss. Klagen skal sendast til kommunen eller fylkeskommunen, avhengig av kven som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Fylkesmannen, som er endeleg klageinstans.


13.11.2012

Eksamen i grunnskulen

Det kan klagast på eksamenskarakteren til skriftleg eksamen. Når det gjeld munnleg eksamen, kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seia for resultatet.


13.11.2012

Spesialpedagogisk hjelp

Det er klagerett på alle vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Fylkesmannen, som er endeleg klageinstans.


09.11.2012

Spesialundervisning

Det er klagerett på alle vedtak om spesialundervisning. Klagen skal sendast til kommunen eller fylkeskommunen. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Fylkesmannen, som er endeleg klageinstans.