Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Felles nasjonalt tilsyn

Utdanningsdirektoratet og fylkesmennene skal i 2014-2017 gjennomføre eit felles nasjonalt tilsyn med skular og skuleeigarar. Felles nasjonalt tilsyn vil si at alle fylka fører tilsyn med det same temaet. Temaet for dette tilsynet er elevane sitt utbytte av opplæringa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2014

Tilsynet er inndelt i tre undertema:

  • Skulen sitt arbeid med utbytte av opplæringa til elevane
  • Forvaltningskompetanse (saksbehandlinga)
  • Skulebasert vurdering

Målet med tilsynet er å sjekke om skulen følgjer opplæringslova med forskrifter.

På denne sida vil vi leggje ut tilsynsrapporter og annan relevant informasjon om det felles nasjonale tilsynet.